Jenta med fyrstikkene
Den lille Pige med Svovlstikkerne | |||
![]() | |||
Forfattar(ar) | H.C. Andersen | ||
---|---|---|---|
Språk | dansk | ||
Sjanger | eventyr, julefiksjon | ||
Utgjeven | 1845 |
«Jenta med fyrstikkene», bokmål «Piken med svovelstikkene» eller «Piken med fyrstikkene», er ei av dei best kjende sogene til Hans Christian Andersen. Dette kunsteventyret blei gitt ut i 1848 som ein del av det femte bindet hans med Nye eventyr, under den danske originaltittelen «Den Lille Pige med Svovlstikkerne».
Handling
[endre | endre wikiteksten]«Den Lille Pige med Svovlstikkerne» er eit sentimentalt, tragisk og romantisk eventyr om ei fattig jente som går berrføtt i byen på nyttårsaftan for å selja svovelstikker (ein eldre type fyrstikk). Ingen vil kjøpa dei, og den vesle jenta ser korleis nyttårsfeiringa går føre seg inne i husa medan ho sjølv står utanfor og frys. Ho tør ikkje gå heim av frykt for juling når ho ikkje har klart å selja ei einaste stikke. Ho kryp derfor saman mellom to hus og tenner fyrstikkene for å varma seg. I elden ser ho vakre syn, mat, varme og familieliv. Men bileta forsvinn så snart elden sloknar. Når ho ser den døde mormora si, ber jenta henne om å ta henne med seg. I iveren tenner jenta alle svovelstikkene for at mormora ikkje skal forsvinna. Då tek mormora handa til jenta og flyg mot himmelen. Morgonen etter blir den vesle jenta funnen død, ihelfrosen med raude kinn og eit smil på leppene. Alle synest det er tragisk, men ingen forstår kva glede ho opplevde rett før ho døydde.
Media
[endre | endre wikiteksten]Det er laga fleire filmar inspirert av soga, blant dei ein stumfilm av den skotske filmpioneren James Williamson (1855–1933) i 1902, musikalar og teateroppsetjingar som byggjer på eventyret. I Noreg er forteljinga mellom anna kjend som fjernsynsforteljing med skodespelaren Per Aabel som forteljar, sendt i NRK på nyttårsaftan.[1] The Little Match Girl Passion av David Lang vann Pulitzer-prisen for musikk i 2008.
Teater Vestland hadde premiere på Jenta med fyrstikkene, omsett av Terje Lyngstad, i 2021.[2]
-
«Piken med svovelstikkene» (La Petite Fille et les allumettes) illustrert av den franske teiknaren Bertall (Charles Albert d’Arnoux, 1820–1882)
-
Eventyret illustrert av den britiske bokillustratøren Helen Stratton (1867–1961) i 1899
-
Eventyret illustrert av den danske teiknaren Hans Tegner (1853–1932)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ nrk.no: Per Aabel leser: Piken med svovelstikkene
- ↑ Marit Bendz (8. november 2021). «Når barn tek regien». scenekunst.no.
- Denne artikkelen bygger på «Piken med svovelstikkene» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2025.