Jenta med garde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jenta med garde er namnet på ein lausslått frå Valdres, del av ein større slåttekrins med utbreiing over mange dalføre. Difor er slåtten rekna til vandreslåttane. Slåtten er for det meste nytta til lausdans, men er og nytta som gangar, særskild i Numedal og Telemark. Det knyt seg ei rekkje stev til dei ulike formene av slåtten. Slåtten er ikkje registrert vestafjells, og difor er det rimeleg at kjerneområdet for slåtten er Buskerud. Slåtteformene har ulike namn, som Rikanguten, Spursmann, Suserua, Sullarguten eller Skripalåtten. Mange av steva og namna knyt dei ulike formene til gamle tradisjonar for frieri. I det førindustrielle bondesamfunnet var ei jente med gard (ei odelsjente), noko av det gjævaste ein kar kunne vinne.

Namnet jenta med garde skriv seg frå stevet:

Det var troll te snåle kar,
det var synd han har kje gard (Sullarguten).

Eller

Hei for flinke gut eg har.
Det var synd han har kje gard (Suserua).

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåttekrinsen har variantnummer 105/128 i Hardingfeleverket.

er du rikanguten, du?
har du knapp i vesten rau?
Har du fengje av gjenta jau?
Kanskje har du gard au?

nr 128: