Jenta ned med strondi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jenta ned med strondi er ein springar frå Telemark, mykje nytta i tradisjon etter Svein Løndal og sønene hans. Slåtten finst og i Vest-Telemark, og er vel opphavleg frå Seljord. Svein Løndal hadde slåtten etter Kjetil Øygard, som hadde slåtten frå skreddaren Halvor Torsen, far til spelemannen Hans Smeland. Olav Løndal bygde ut slåtten til ein større form som er mykje nytta i dag. Løndalsforma har eit stev til slåtten:

Jenta ned med strondi gjekk og pøla ved. Fær du ingjen anna så skal du få meg.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har katalognummer 502 i hardingfeleverket. Formene frå Lårdal skil seg noko ut frå hovudgruppa, med særskilte tak som ikkje finst i dei andre formene. Tyngdepunktet for slåtten ligg for det meste lenger aust i Telemark.

  • e: Springar, etter Åsmund Groven, Lårdal [5][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1962 etter minne (G 1471). Slåtten skil seg noko ut frå variantgruppa, men mange av taka i hovudforma er fletta inn i denne.
  • g: Springar etter Flatland, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark [7][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak (G 1365, NRK magn. 2577). Slåttennamnet er knytt til Hans Flatland frå Seljord. Slåtten følgjer same mønster som variant d etter Ånund Tveiten, men er meir utbygd. Haugerud kan ha bygd ut slåtten etter møte med Olav Groven, som og kjende Tveiten si form.