Jequetepeque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jequetepeque

Jequetepeque er ei 158 kilometer lang elv som startar ved Agopiti-åsane, 3800 moh. i Cajamarca-regionen i Peru og tømmer seg i Stillehavet åtte kilometer nord for byen Pacasmayo i La Libertad-regionen. Jequetepeque har tre hovud nedslagsfelt med sideelvane Pallac, San Miguel (òg kjent som Puclush) og Magdalena. Det finst ein kunstig dam, Gallito Ciego Reservoir, for regulering av vatntilførselen i dei nedre områda i La Libertad-regionen. Demninga ligg om lag 35 kiometer inn frå kysten.

Klimaet i nedslagsfeltet er påverka av Stillehavet, i øvre del også av Amazonas som sjølv er påverka av Atlanterhavet. I dei øvre områda har ein nedbør gjennom heile året med ein topp i perioden frå januar til mars. Gjennomsnittsnedbøren der er frå 500 til 1000 mm og gjennomsnittstemperaturen i 4000 moh. er ca. 3°C. I ørkenområdet mot kysten har ein under 200 mm i året og alt kjem i dei varmaste månadane frå januar til mars. Gjennonsnittstemperaturen er her ca 23 °C. Dei nedre områda er kraftig påverka av El Niño og kan oppleve stort skadeverk på infrastruktur i slike år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]