Jeremi Wasiutyński

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeremi Wasiutyński

Fødd5. oktober 1907
Warszawa
Død8. april 2005
Oslo
NasjonalitetNoreg, Polen
Yrkeastronom, filosof

Jeremi Maria Franciszek Wasiutyński (6. oktober 19078. april 2005) var ein polsk-norsk astrofysikar og filosof.

Wasiutyńs kistuderte matematikk, fysikk og astronomi ved universitetet i Warszawa og tok magistergrad i astronomi i 1930. Han tok doktorgraden ved Universitet i Oslo i 1948. I 1964 vart han statsstipendiat.

Jeremi Wasiutynski var særleg oppteken av astrofysikk, og publiserte meir enn hundre populærvitskaplege artiklar i norsk og dansk presse. I åra 1931–1934 var han praktikant ved ein fabrikk for optiske instrument. Ved sidan av arbeidet skreiv han eit tobindsverk i generell astronomi saman med M. Kamieński. 1935–3196 skrev han ein biografi om Kopernikus, som 1938 oppnådde litteraturpris for årets beste bok i Polen. 1943–1944 utgav han trebindsverket Verden og geniet, og 1963 boka Universet. I sine seinare år dreiv han hovudsakleg med filosofiske spørsmål, særleg knytt til heilheitstenking og kosmologi. Av hans seinare publikasjonar finn ein mellom anna trebindsverket Creation. Materials to the General Theory of Reality og Det kosmiske drama og drømmer om den kongelege vei på terskelen til ein ny tid.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • På polsk eit tobandsverk i generell astronomi saman med M. Kamieński.
  • På polsk ein biografi om Kopernikus 1935-36. Boka fekk i 1938 Polens litteraturpris for årets beste bok.
  • Verden og geniet, fra solsystemets dannelse til i dag 3 bd (1943–44)
  • Studies in hydrodynamics and structure of stars and planets (1946) dr.avh.
  • Veien til vår tid 2 bd (1948–49)
  • Universets utvikling : Fra senere tids forskning (1950)
  • Geniet og det overnaturlige (1951)
  • The dynamic constitution of the outer layer of the sun (1958)
  • Universet – skapelse og utvikling (1963), utvidet utg. 1965
  • Creation, Vieved From a Turning-Point in the History of the Earth as a Transromation of Existence and Consciousness 3 bd (1996) ISBN 82-993976-1-8
  • Det kosmiske drama og drommer om den kongelige vei pa terskelen til en ny tid (1998) ISBN 82-530-1990-4
  • A Unified View of Reality (2000)
  • The Speech of God: From the Meta-Cosmic Beginnings to the Forthcoming Terrestrial Crisis in an Attempt at Human Understanding (2002) ISBN 82-560-1388-5
  • The Solar Mystery. An Inquiry Into the Temporal and the Eternal Background of the Rise of Modern Civilization (2003) ISBN 82-560-1407-5
  • Studies in creative processes 13 bd. (1998- ) Utdrag fra Creation, 1996
  • Wasiutynski publiserte mer enn hundre populærvitenskapelige artikler om astrofysikk i norsk og dansk presse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]