Jeremy Spencer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeremy Spencer

Spencer på Chicago Blues Festival i 2009
Fødd4. juli 1948 (75 år)
FødestadHartlepool i County Durham i England
FødenamnJeremy Cedric Spencer
OpphavStorbritannia
Aktiv1967 til i dag
SjangerBlues, rock and roll
Instrumentvokal, gitar, piano
Tilknytte artistarFleetwood Mac, Steetley
PlateselskapReprise Records
Verka somMusikar, låtskrivar

Jeremy Cedric Spencer (fødd 4. juli 1948) er ein britisk musikar, mest kjend som gitarist i den originale besetninga av Fleetwood Mac.[1] Han var med på å starte Fleetwood Mac i juli 1967 og var med i bandet fram til han brått slutta i februar 1971, då han vart med ei sekt kalla «Children of God», i dag kjend som «The Family International», der han framleis er medlem. Etter eit par soloalbum i 1970-åra, fortsette han å turnere som musikar, men gav ikkje ut fleire album før 2006. Han gav ut to soloalbum til i 2012 og 2014 og har i nyare tid òg vore ein del av folketrioen Steetley.

Fleetwood Mac[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1967 vart Spencer oppdaga av den tidlegare Bluesbreakers-gitaristen Peter Green, som var på utkikk etter ein musikar som kunne bli med han i det nye Fleetwood Mac-prosjektet hans. Green hadde fått med seg trommeslagaren Mick Fleetwood og for ei kort stund bassisten Bob Brunning, og ønskte ein gitarist til for å fylle ut lyden på scenen. Spencer var då medlem av bluestrioen The Levi Set, og var alt ein dugande slidegitarist og pianist. Han passa bra inn og kort tid etter han kom med i bandet, kom også bassisten John McVie med.

Denne besetninga spelte inn to album med tradisjonelle bluessongar, der Spencer medverka med mange variasjonar av Elmore James sine tema, særleg versjonar av «Dust My Broom», i tillegg til nokre songar han laga sjølv. Green vart frustrert fordi Spencer ikkje ønskte å bidra til Green sine songar, medan Green alltid spelte på Spencer sine innspelingar om det var behov for det.[2] Sidan Spencer sine musikalske bidrag var ganske smale, henta Fleetwood inn ein tredje gitarist, den 18 år gamle Danny Kirwan, etter Mr. Wonderful i 1968. Dette albumet inneheldt fleire av Spencer sine Elmore James-melodiar.

Green og Kirwan arbeidde bra i lag musikalsk, og utvikla raskt ein stil som gav hittar som «Albatross», «Man of the World» og «Oh Well», ingen av dei med Spencer. Spencer fann seg sjølv isolert i bandet og valde å bidra lite til det tredje albumet, Then Play On. Det var meininga at albumet skulle kome i lag me ein EP me songane til Spencer, men dette vart aldri noko av. Til slutt var det einaste bidraget hans noko piano på den nyklassiske episke musikkstykket til Green, «Oh Well Pt. 2».

På scenen var derimot Spencer ein viktig del av bandet, med ein fast del med gamle bluessongar som var ekstremt populære hos publikum. Spencer var dyktig til å etterlikne folk, og etterlikna Elvis Presley, Buddy Holly, Elmore James, John Mayall og andre han følte for på scenen. Han dreiv òg stundom med opptreden på scenen, særleg på dei tidlege konsertane, som stundom fekk bandet i trøbbel og dei vart mellom anna bannlyste frå Marquee Club i London.[3] Denne ville scenestemninga vart fanga på innspeligna til Spencer kalla «Someone's Gonna Get Their Head Kicked in Tonite», som vart vald som B-sida til den milde «Man of the World» i 1969.

Jeremy Spencer, 18. mars 1970

Utanom på scenen, var Spencer ofte roleg og tilbaketrekt, og dei andre bandmedlemmane hugsar at han las i Bibelen på hotellrommet sitt, noko som var stikk i strid med personen han var på scenen.[4]

Spencer vart det første medlemmet i Fleetwood Mac som gav ut eit soloalbum, berre kalla Jeremy Spencer, i 1970. Dette albumet inneheldt parodiar og mororsame songar frå 1950-åra, men vart ikkje ein suksess. Det har så langt ikkje blitt gjeve ut på CD.

Då Green slutta i Fleetwood Mac midt i 1970 var det snakk om å legge ned bandet. Men bandet heldt i lag og både Spencer og Kirwan arbeidde på nye songar, som kom med på Kiln House, som kom ut på seinsommaren 1970. For første gong var det ikkje Elmore James-songar på albumet, og i staden inneheld det fleire av Spencer sine parodiar av 1950-talssongar, inkludert Buddy Holly-hyllesta «Buddy's Song». Ein annan song, «One Together», vart innom ei mange personane Spencer nytta på scene.[4]

Under ein turné i USA i februar 1971 med den nye klaverspelaren Christine McVie, som no var med i bandet, vart Spencer stadig meir desillusjonert av livet sitt i Fleetwood Mac, og har nemnt i fleire intervju ei hending då bandet lytta til ei innspeling av ein gammal konsert. Då han høyrte seg sjølv synge sa han: «Det høyres forferdeleg ut. Det høyrest ut som drit.»[3] I følgje Mick Fleetwood hadde Spencer visstnok vanskar med å kome seg att etter ein trip på meskalin tidleg på den amerikanske turneen. Kort tid før bandet skulle reise frå San Francisco til Los Angeles, opplevde LA eit kraftig jordskjelv. I ein dårleg mental tilstand og fylt med sterke negative forvarsel, var Spencer særs mykje i mot å reise til LA. Han klarte ikkje å overtyde Fleetwood Mac om å avlyse denne delen av turneen.[5] Kort tid etter dei kom til LA, same dag som dei skulle spele på Whisky A Go Go, drog Spencer frå hotellrommet han delte med Fleetwood for å vitje ein bokhandlar på Hollywood Boulevard. Han kom ikkje attende, og bandet måtte avlyse konserten den kvelden, medan bandet og følgjet deira leita etter han. Nokre dagar seinare vart han funnen i lag med den religiøse gruppa Children of God, og erklærte at han ikkje lenger ønskte å vere med Fleetwood Mac. Spencer vart ikkje overtydd om å kome attende til bandet, og dei måtte kjempe seg vidare utan han. Dei fekk først hjelp av Peter Green, før dei henta inn den nye gitaristen Bob Welch.[5]

Trass i rykte om hjernevasking og at han vart tvungen inn i organisasjonen, har Spencer alltid hevda at han vart frivillig med i organisasjonen. Han blei møtt av ein ung mann kalla Apollos, som samtalte med Spencer om Gud, og inviterte han til eit nærliggande misjonssenter, der dei andre medlemmane var. I løpet av kvelden vart Spencer overtydd om å bli med i gruppa.[6] Trass i at han var overtydd om at han hadde teke det rette valet, syns han måte han forlet bandet på var feil: «Det skjedde på feil måte. Eg burde sagt i frå med ein gong, men eg var desperat.»[7]

Etter Fleetwood Mac[endre | endre wikiteksten]

Spencer og den dåverande kona hans Fiona flytta til USA for å busetje seg med Children of God, og danna snart eit nytt band i organisasjonen, som heldt gratiskonsertar landet over. Dei spelte inn albumet Jeremy Spencer and the Children, men det selde dårleg. Ein veit relativt lite om denne tida av livet hans, men han reiste verda rundt med musikken og organisasjonen, og flytta til Brasil i 1975, og sidan til Italia i 1977.[8]

I 1978 leigde eit medlem av Children of God Martin og Steven Machat for å representere Spencer og det nye bandet sitt. The Machats sikra seg så ein stor platekontrakt med Atlantic Records i New York. I 1978–79 spelte det nydanna Jeremy Spencer Band in albumet Flee, som selde dårleg. I 1980-åra budde Spencer på Filippinane, før han arbeidde i India i 1990-åra, og spelte veldedige konsertar. Han budde seinare i Irland og Tyskland, og arbeider framleis for Children of God (no kalla Family International), hovudsakleg som bokteiknar og manusforfattar.[7] Han har alltid spelt musikk, ofte for si eiga skuld, men har i nyare tid dukka opp ved forskjellige blues- og gospel-samlingar. I 2006 gav han ut eit nytt album, Precious Little, som vart spelt inn i Noreg. Albumet var eit steg attende til blues og slidegitar-stilen han vart kjend for i Fleetwood Mac.

Spencer vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998 for arbeidet sitt i Fleetwood Mac.

I 2012 gav Spencer ut albumet Bend in the Road, som art spelt inn i Tempermill Studios i Ferndale i Michigan (ein forstad til Detroit). Dette vart følgd opp i 2014 med Coventry Blue.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Fleetwood Mac med Jeremy Spencer[endre | endre wikiteksten]

Andre samlingar[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Live at the BBC (Castle 1995 – spelt inn 1967–71)
  • Shrine '69 (Rykodisc 1999 – spelt inn 25. januar 1969)
  • The Blues Collection (Castle, 1989 eller 1992)
  • Live at the Boston Tea Party, vols 1–3 (spelt inn 5–7. februar 1970. )
  • Jumping at Shadows: The Blues Years (gjeve ut 2002)

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Steetley[endre | endre wikiteksten]

  • The Moment She Fell (2013)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rawlings, Terry (2002). Then, now and rare British Beat 1960–1969. Omnibus Press. s. 77. ISBN 0-7119-9094-8. 
  2. The Penguin Q&A with Jeremy Spencer, June 1999
  3. 3,0 3,1 Fleetwood Mac – «The Vaudeville Years» (booklet notes), 1998
  4. 4,0 4,1 "Insight» – BBC Radio Interview with Mick Fleetwood, John McVie and Christine McVie, November 1976.
  5. 5,0 5,1 Mick Fleetwood (1990). Fleetwood–My Life and Adventures with Fleetwood Mac. Sidgwick & Jackson Ltd. ISBN 0-283-06126-X. 
  6. Jeremy Spencer intervjua av Steve Clark, NME magazine, 5. oktober 1974.
  7. 7,0 7,1 Jeremy Spencer interviewed by Martin Celmins, Classic Rock magazine, March 2006.
  8. Atlantic Records Publicity Biography – The Jeremy Spencer Band, 1979

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]