Jerkalnadejpur
Jerkalnadejpur | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 7 210 km² | ||
Lengd | 423 km | ||
Middelvassføring | 70 m³/s | ||
Munning | Ajvasedapur | ||
Jerkalnadejpur 63°49′08″N 78°04′43″E / 63.81895°N 78.07873°E |
Jerkalnadejpur (russisk Еркалнадейпур) er ei elv i Jamalo-Nenetsk i Russland og ei av sideelvane til Ajvasedapur frå høgre. Elva er 423 km lang og har eit nedslagsfelt på 7 210 km². Elva har ei middelvassføring på 70 m³/s.
Det er over 260 innsjøar i tilsigsområdet til Jerkalnadejpur. 45 av vassdraga er lengre enn 10 km, og tre av desse, Siakundykikja, Nepermetsajakha og Khaljasavej, er lengre enn 100 km. Dei største innsjøane er Tonsejto, Numutiaganto og Khaljasavejto.
Elva frys vanlegvis til i andre halvdel av oktober, og vert isfri att i slutten av mai eller tidleg juni.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Еркалнадейпур (река)» frå Wikipedia på russisk, den 3. november 2008.