Jerkholmen

Koordinatar: 58°24.017′N 8°44.338′E / 58.400283°N 8.738967°E / 58.400283; 8.738967
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°24.017′N 8°44.338′E / 58.400283°N 8.738967°E / 58.400283; 8.738967 Jerkholmen eller Jerken er ei øy i Arendal kommune i Aust-Agder, heilt sør i kommunen nær grensa til Grimstad kommune. Øya er ein del av Raet landskapsvernområde og består for ein stor del av morenemasse. Jerkholmen er kvartærgeologisk ein del av det store raet; ein israndavsetting som kan følgjast frå Finland, over Sverige og langs heile Noreg og inn i Russland. Strukturen held fram frå Jerken austover til Merdø og HoveTromøy, og vestover gjennom Hasseltangen landskapsvernområde og Søm-Ruakerkilen naturreservat til Fevik i Grimstad kommune.

Jerkholmen er eit offentleg sikra friområde ved avtale med private grunneigarar.

Det er fleire gravhaugar på Jerkholmen.

Jerken er lenge vore nytta som utmarksbeite for sauer. Fylkesmannen i Aust-Agder har sett i gang tiltak for vedlikehald av kulturlandskapet på Jerken. I 2007 vart mellom anna store mengder einerkratt fjerna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]