Jernaldergarden på Ullandhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Jernaldergarden.
Foto: Gunleiv Hadland

Jernaldergarden på Ullandhaug er ein rekonstruert forhistorisk gard på toppen av Ullandhaug, 3 km frå Stavanger sentrum.

Garden er gjenreist oppå dei arkeologiske restane frå ein bondegard som stod der i folkevandringstida, om lag 350-550. Dei tre husa som er gjennoppreiste er innreidde slik det opphavleg skal ha sett ut, med mellom anna levande eld på eldstadane. Garden har utsyn over Hafrsfjord og Nord-Jæren, og er open for vitjande i sommarhalvåret. Då kan ein møta på husfrua og gardsfolka, som arbeider der for å gi gjestane ein oppleving over korleis det ein gong kan ha vore på Ullandhaug.

Jernaldergarden som stifting er fagleg og administrativt underlagt Arkeologisk museum i Stavanger.

Gjenoppreisinga[endre | endre wikiteksten]

I 1900 skildra Tor Helliesen ved Stavanger Museum gardsområdet i hans systematiske innsamling av opplysningar om fornminne på Nord-Jæren. Ettersom ein del fornminne har blitt fjerna sidan den gong, er det pga. Helliesens arbeid me har eit så heilskapleg bilde av gardsområdet på Ullandhaug.

I 1967-68 sette Bjørn Myhre i gang ein arkeologisk og naturfagleg undersøking av gardsområdet. Dette var Rogalands til då største utgravingsprosjekt. I husa fann dei eldstader, gjenstandar etter dei som budde der, og skiljeveggar.

I 1972 opna kong Olav V offisielt Jernaldergarden på Ullandhaug, som ein del av 1100-årsmarkeringa av slaget i Hafrsfjord.

Hustuftene[endre | endre wikiteksten]

Husa på Jernaldergarden var bygde av tre, med ytre murar av stein for å beskytte mot vind og fukt. Dei hadde jordgolv, og på taka var der truleg torv. To rader av stolpar som stod inne i husa, bar taket. To og to stolpar var bundne saman med ein tverrbjelke slik at dei danna ei grind. Ein har teke i bruk grindbygde hus i Rogaland heilt opp til i dag.

Ut frå dei gjenstandane ein har funne i husa, samt skiljeveggar og eldstader, har arkeologar funne ut korleis husa har blitt brukt. Huset til nordvest var oppdelt i minst to rom, der det øvste rommet anten kan ha vore eit sauefjøs eller eit lagerrom. Rester etter matlaging blei funne i det nedste rommet, som har blitt tolka til å vera ein festhall berre brukt i spesielle høve. Det minste huset kan ha vore eit hus for ei eiga gruppe på garden, t.d. ungfolk eller gamle, og var brukt som vanleg bustad der dei laga mat og arbeida med småhandverk.

Det lengste huset har vore inndelt i fleire rom, der den øvste delen har vore fjøs. I rommet på sida av fjøset har fyrst og fremst vore brukt til matlaging, og kan ha vore eit kjøkken og bryggjarhus. På sida av dette rommet igjen var der eit rom som òg var bruka til matlaging, men i tillegg som arbeidsrom for tekstilarbeid, metallarbeid, og anna handverk. Det nedste rommet kan ha vore brukt som lager. Der var òg eit tilbygg på den sørlege kortveggen på dette huset, som kan ha vore brukt som reiskapsskjul eller vedbu. Dette tilbygget tilsvarar skuten me finn på hus på Jæren i seinare tid

Funn på garden[endre | endre wikiteksten]

I huset til nordvest har dei funne store mengder kokstein. I same huset har det blitt funne leireskår, jernkniv, brynestein, beslag og spikar av jern. Alle dei seks eldstadane var i den nedste halvdelen av huset. Store mengder kokstein låg langs veggane i denne delen av huset, noko som tyder på at det ofte har vore laga mat det. Dette har ført til tolkinga om at denne halvdelen har vore ein festhall. I den øvste delen av huset har få funn blitt gjort.

I det minste huset har ein funne leirkar, fiskesøkke av stein, delar av ein smeltedigel, delar av ein dreiekvernar, eldslagsflint, og brunne bein. Dette huset har berre eit rom, ein eldstad, og ei dør. Funna i huset tyder på at det har hatt fleire funksjonar og husa fleire aktivitetar.

I det lengste huset har ein funne leirskår, delar av vevtynger, glassperler, spinnehjul, eldslagsflint, knusestein, slipehelle, dreiekvern, naglar og spikar av jern. Folk har budd i dei to midterste romma av dette huset, og funna viser at folk har laga mat der, spunne og veva.

Brann[endre | endre wikiteksten]

Ein gong på 500-talet brann eit av husa ned og blei forlate for godt. Grunnen til at dette skjedde veit ein ikkje sikkert, men ein spjutspiss funne utanfor eit av husa tyder på at der kan ha vore ufred og herjing på garden. Kanskje blei gardsfolka på Ullandhaug drepne før fiendane brann ned huset. Ein annan mogleg grunn kan vera at folka som budde på Ullandhaug døydde av sjukdom, og at dei næraste grannane brann ned huset for å drepa smitten. Sidan byllepest (svartedauden) var på ferde andre stadar i Europa på denne tida er ikkje dette heilt usannsynleg.

Livet på garden[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar med at det budde 10-12 menneske på Ullandhaug. Viss dette var gjennomsnittet for ein gard i jernalderen må det ha budd 3000-4000 menneske på Flat-Jæren. Dette er tilsvarande den folkemengda som budde der på 1700-talet.

Menneska som budde der gjekk i klede vove av ull, lin, nesletøy eller hamptøy. Garna som var brukt blei som regel farga av planter før dei blei vovne, og tekstilhandverket var høgt utvikla. Over dei vovne kleda bar dei ofte slag eller kapper av ulltøy, lêr eller pels. Dei kunne gå i mjuke skor, men mange gjekk berrføtt.

Jordbruket på garden[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til bygg og havre dyrka dei truleg òg nepe på innmarka. I tillegg til desse plantene brukte dei viltveksande planter i kosten, som til dømes hønsegras, vindelslirekne, meldestokk og vassarve. Det blei dyrka lin på denne tida, truleg grunna dei næringsrike frøa, og som råstoff til framstilling av tekstil.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Ein dyrka jorda med reiskap som ard, greip, hakka og harv. Avlinga blei hausta ved hjelp av sigd, ljå, lauvkniv, greip og rive. Dette er reiskap som stort sett har halde på forma sin sidan forhistorisk tid. Framstilling av leirkar, tekstil, reiskap av tre og jern, bronsesmykke, og steinarbeid som t.d. kvernesteinproduksjon var òg ein del av arbeidet som blei utførd på garden.

Dyrehald[endre | endre wikiteksten]

Sidan det ikkje er funne beinrester etter husdyr på gardsområdet veit me ikkje kva slags dyr dei haldt på Ullandhaug. Dyr som var vanlege i det aktuelle tidsrommet var storfe, sau, hest, gris, høns og bikkje. Storferasen på den tida var ein del mindre enn den me har i dag, og det fanst ein raud-kvit og ein grå rase. Sauene likna spelsau, ein liten nordisk ur-sau med lang, glatt ull. Hestane likna islandsponniane - dei var små og hadde ein eigen gange (tølting). Grisane var like villsvin, med svart stribust og store hoggtenner og som kunne vera farlege. Hønsa var små og spraglete. Hund var der to rasar av - ein elghundrase og ein fuglehundliknande rase.

Ein veit ikkje om folk hadde katt, gjæser eller ender for kring 1500 år sidan.

Jakt[endre | endre wikiteksten]

Sidan der var like lite skog på Jæren i jernalderen som der er i dag måtte ein dra langt for å få tak i tømmer og på jakt etter skogvilt. Jernaldergarden ligg kort avstand frå sjøen, og ettersom ein har funne fiskesøkke på garden kan ein fastslå at fiske må ha vore ein viktig ressurs for gardsbuarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur om garden
  • Gammel gård gjenoppstår. Fra gamle tufter til levende museum. AmS Småtrykk 26, 1992.
  • Gårdsanlegget på Ullandhaug I. Gårdshus i jernalder og tidlig middelalder i Sørvest-Norge. Av Bjørn Myhre. AmS skrifter nr 4, 1980
  • Ullandhaug, en gård i eldre jernalder. Av Else Johansen Kleppe. AmS småtrykk nr 20, 1987