Jernbanetid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
StasjonsklokkaPaddington.

Jernbanetid er ei lokaltid som er felles for ein jernbanestrekning. Han vart først nytta på Great Western Railway i England i november 1840, og var første gongen skilnader i lokaltid vart synkronisert.

Jernbanestasjonane Østbanen (i dag Oslo Sentralstasjon) og Vestbanen i Oslo hadde i 1885 kvar si tidsrekning, der Østbanen hadde Oslo-tid, medan Vestbanen hadde Drammens-tid, då denne stasjonen låg under Drammen distrikt som endestasjonen på Drammensbanen. På denne tida nytta ein lokal soltid i Noreg og tidsskilnaden frå landsdel til landsdel var eit aukande problem, etter kvart som kommunikasjonen vart betre. Ein innførte derfor jernbanetid, slik at ein hadde den same tida langs heile jernbanestrekninga. Først i 1895 vart det innført felles tid for alle stader i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ringnes, Truls. (14. februar 2009). Jernbanetid. I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/jernbanetid.