Jernbanetorget T-banestasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jernbanetorget T-banestasjon under Jernbanetorget i Oslo. Fotografi frå 2005.
Jernbanetorget T-banestasjon med eit av dei tidlegare T-banetoga, som no er teke ut or bruk.

Jernbanetorget T-banestasjon er ein underjordisk stasjon under Jernbanetorget, på fellestunnelen for T-banelinene gjennom sentrum i T-banenettet i Oslo. Stasjonen har oppgangar til jarnbanestasjonen Oslo sentralstasjon og til Jernbanetorget, som er eit knutepunkt for kollektivtrafikken i Oslo.

Då dei austlege T-banelinene vart bygd på 1950 - 1960-talet, fungerte Jernbanetorget T-banestasjon som endestasjon fram til Stortinget T-banestasjon, med vendesløyfe for toga, var ferdig. No er Jernbanetorget T-banestasjon berre ein av fleire stasjonar på T-banelinene mot aust og vest.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]