Jernkjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein jernkjerne er ein kjerne av jern eller stål i den straumførande spolen i ein elektromagnet, eit relé, ein transformator eller liknande. Jernet er ferromagnetisk, gjev auka magnetisk induksjon (flukstettleik), og forsterkar dermed den magnetiske verknaden av straumen. I transformatorar og andre apparat som skal arbeide med vekselstraum, blir jernkjernen vanlegvis framstilt av tynne isolerte jernplater (blikk) for at virvelstraum-tapa skal bli så små som mogleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]