Jernkrossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


En stilisert vesjon fra 1823
Jernkorset som symbol for det tyske forsvaret Bundeswehr i dag

Jerkrossen (Eisernes Kreuz) er dels eit symbol og dels ei tysk militær utmerking. Jernkorset har sin opphav som symbol for Den tyske ordenen i mellomalderen og vart teke i bruk som prøyssisk nasjonalsymbol og militær utmerking under Napoleonskrigane@ I dag vert jernkorset brukt som symbol for det tyske forsvaret, Bundeswehr.

Som militær utmerking vart Jernkorset innstifta i 1813 under Napoleonskrigene av kong Fredrik Vilhelm III i Preussen; den fyrste som mottok Jernkorset var ei kvinne, då avlidne dronning Louise (m.a. tippoldemor til kong Haakon VII av Noreg), som fekk utmerkinga for sin innsats under Napoleonskrigene. Jernkorset skulle gjennom sit enkle materialval uttrykkja nøkternhet og egalitære verdiar, og utmerkinga kunne tildelast uavhengig av sosial klasse. Jernkorset var opphavleg ei prøyssisk utmerking, men vart etter Tysklands samling i praksis ei tysk nasjonal utmerking under Den fyrste verdskrigen Utmerkinga har berre vorte tildelt i krig, dvs. at det finst Jernkors frå 1813 (Napoleonskrigene), 1870 (det fransk-prøyssiske krig), 1914 (Den fyrste verdskrigen) og 1939 (andre verdskrig). Utmerkinga har formelt vorte innstifta på nytt ved kvar krig, slik at eitt av desse fire årstala er innskrive på nedre korsarm. Jernkorset er verna ved lov og det er forbode å bera utmerkinga utan å vera rettmessig tildelt den.

Jernkorset vart brukt som symbol for den tyske hæren frå 1871 til 1915. Under fyrste verdskrigen vart jernkorset for fyrste gong teke i bruk som eit nasjonalt militært symbol for heile dei tyske stridkreftene, og fekk i dette sambandet ei forenkla form. I 1956 vart jernkorset teke i bruk i opphavleg design som symbol for det dåverande vesttyske forsvaret Bundeswehr.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dronning Louise av Preussen var den frste mottageren av Jernkorset; ho fekk utmerkinga posthumt i 1813 for sin innsats under Napoleonskrigene
Jernkorset på eit tysk jagarfly, Albatros D.V, frå 1917 under første verdskrig
Feldwebel i 1943 med Riddarkrossen til jernkorset (rundt halsen), 2. klasse (brystlommen) og 1. klasse (knappehullet)
Foto: Bundesarchiv, Bild 101I-089-3779-07 / Finke / CC-BY-SA
Jernkorset på helikopter tilhøyrande det tyske Luftforsvaret i 2015

Det svarte krosset i ulike utformingar stammar frå korstogstida og har lang tradisjon som symbol både for Den tyske ordenen (1190–1806) og prøyssiske og tyske stridkrefter. Som militær utmerking og prøyssisk nasjonalsymbol vart Jernkorset teikna av arkitekt Karl Friedrich Schinkel etter fridomskrigen mot Napoleon, med Malteserkorset som forbilete. Jernkorset var den fyrste tyske utmerkinga som kunne tildelast kvar og ein,@ uansett stand og stilling. Valet av svart støpejern som material var eit symbolsk uttrykk for den nøkternhet som var ein dyd av nødvendighet for den hardt pressa prøyssiske stat, og eit sjølvfølgje for den enkle, men ridderlige soldat.

Utgåva frå 1813 hadde det krona monogrammet til kongen i øvre korsarm og stilisert eikelauv i midten av krosset. Utgåvene frå 1870 og 1914 hadde kongekrona (ikkje keisarkrona) åleine øvst, og kongen (keisarens) monogram W i midten. I 1939-utgåva var monogrammet erstatta av eit hakekors. Denne utgåva vart levert av fleire produsentar, og den finst difor i fleire variantar. Opphavleg var ordensbandet svart med to kvite striper, Preussens nasjonalfarger og flaggfargar. I utgåva frå 1939 vart midtre svarte stripe forandra frå svart til raud, slik at bandet fekk dei tyske flaggfargane etter 1870 – svart, kvitt og raudt.

Til trass for at 1939-utgåva inneheld eit hakekors, vart den ikkje forbode å bera etter andre verdskrig, sjølv om hakekorset vart forbode elles i det tyske samfunnet. Detta forandra seg i 1957, då den tyske forbundsrepublikken erstatta hakekorset med eikelauv som i den opphavlege utgåva frå 1813. Alle som hadde motteke jernkors med hakekors fekk då nye med eikelauv. Lov om titlar, ordenar og utmerkingar (1957) avgjorde at krigsveteranar som kunne dokumentera at dei var vorte tildelt Jernkorset, kunne bera den nye utgåva med eikelauv. Jernkorset er verna av same lov, slik at det ikkje er lov å bera utmerkinga utan å vera rettmessig tildelt den.

Jernkorset vart innført som eit nasjonalt symbol fyrste gong i samband med fyrste verdskrig.[1] Ein stilisert versjon vert òg i dag brukt som symbol i det tyske forsvaret.

Gradar[endre | endre wikiteksten]

Ordenen vert inndelt i fleire gradar, og ein må først ha fått ein lågare grad før ein kan få ein høgare:

  • Storkorset til jernkorset* (Großkreuz des Eisernen Kreuzes)
  • Riddarkrossen til jernkorset med eikelauv i gull, sverd og briljantar** (Ritterkreuz des Eisernen Kreuzes mit Goldenem Eichenlaub, Schwertern und Brillanten)
  • Riddarkrossen til jernkorset med eikelauv, sverd og briljantar (Ritterkreuz des Eisernen Kreuzes mit Eichenlaub, Schwertern und Brillanten)
  • Riddarkrossen til jernkorset med eikelauv og sverd (Ritterkreuz des Eisernen Kreuzes mit Eichenlaub und Schwertern)
  • Riddarkrossen til jernkorset med eikelauv (Ritterkreuz des Eisernen Kreuzes mit Eichenlaub)
  • Riddarkrossen til jernkorset (Ritterkreuz des Eisernen Kreuzes – RK)
  • Jernkorset av 1. klasse (Eisernes Kreuz 1. Klasse – EK1)
  • Jernkorset av 2. klasse (Eisernes Kreuz 2. Klasse – EK2)

* Vart berre utdelt éin gong under andre verdskrig då Hermann Göring vart utnemnd til Reichsmarschall 19. juli 1940. ** Vart berre utdelt éin gong – til Hans-Ulrich Rudel, oberst i Luftwaffe

Bæring[endre | endre wikiteksten]

Under andre verdskrig gjaldt følgjene regler for bæring av Jernkorset på uniform:

  • Storkorset til jernkorset og riddarkross skulle berast i band rundt halsen
  • Jernkorset klasse 1 var fest på venstre brystlommen med nålen på baksiden
  • Jernkorset klasse 2 var berre bandet festa på uniformen i andre knappehull

Til dei eldre utgåvene av storkorset høyrde òg ein krasjan med krossen i midten. Etter midten av 1800-talet vart det komplette Jernkorset av 2. klasse berre båra ved tildelingen eller ved særlege høve.

Dei som hadde fekk 1939-utgåva og hadde fått 1914-utgåva tidlegare, fekk ein spenna med riksørnen og talet 1939 under. Denne vart fest på bandet til 2. klasse og over 1. klasse-medaljen på brystlommen.

Diskusjon om gjeninnføring[endre | endre wikiteksten]

Jernkorset har ikkje vorte utdelt som utmerking sidan mai 1945, men det har fleire gonger vore foreslegen å utdela det for fortenester under internasjonale operasjonar i regi av NATO, EU eller SN som Tyskland deltek i. I mai 2007 vart det innlevert eit forslag til Forbundsdagen om å gjeninnstifte Jernkorset som utmerking. Forbundsdagen oversende forslaget til Forsvarsdepartementetet. Presidenten i Reservistsamskipnaden, Ernst-Reinhard Beck (CDU), støtta forslaget og grunngjeve det med at Jernkorset brukast på alle militære fartøy og er eit symbol på voner, hjelp og solidaritet i kriseregionar. I 2008 underteikna president Horst Köhler eit lov om skiping av Ehrenkreuz der Bundeswehr für Tapferkeit som den høgaste utmerkinga for tapperhet i det tyske militære.

Sivile innehavarar[endre | endre wikiteksten]

Jernkorset var normalt ein rein militær dekorasjon, men har i nokre tilfelle vore utdelt til sivile som utførde militære funksjonar. T.d. vart@ krossa tildelt dei to pilotane Hanna Reitsch og Melitta Schenk von Stauffenberg.

Norske innehavarar[endre | endre wikiteksten]

Jernkorset er òg vorte tildelt nordmenn, i hovudsak frontkjemparar under andre verdskrig. Litt over 300 frontkjemparar vart mottakarar av Jernkorset av andre klasse, og ein er sikre på at minst 34 nordmenn vart mottakarar av Jernkorset av første klasse.[2][3]

Kjende norske innehavarar av Jernkorset av første klasse: Jonas Lie, Fredrik Jensen, Bjørn Østring, Per Imerslund, Olaf T. Lindvig, Johan Petter Balstad og Felix Thoresen.

Norske innehavarar av Jernkorset av 2. klasse, er Arild Hamsun, Finn Kaas og Henry Rinnan, med fleire.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Liste over tyske militære utmerkingar 1933-1945
  • Krigsordenen av det tyske krossar

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gordon Williamson: Iron Cross of 1939, R James Bender 2002, ISBN 0912138866
  • Dietrich Maerz: The Knights Cross of the Iron Cross, B&D Publishing 2007, ISBN 0979796903
  • Dietrich Maerz: The Iron Cross 1. Class, B&D Publishing 2010 ISBN 0979796970
  • Gordon Williamson: Knights of the Iron Cross: A History, 1939-45, Blandford 1987, ISBN 9780713718201
  • W-P Fellgiebel: Elite of the Third Reich: The Recipients of the Knight's Cross of the Iron Cross 1939-1945, Helion & Company 2003, ISBN 1874622469
  • Stephen Thomas Previtera: The Iron Time: A History of the Iron Cross, Winidore Pubns 2000, ISBN 0967307007

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. vitja 9. oktober 2014[1]
  2. Frontkjemper.info - Jernkorset av 1. klasse - Nordmenn i Waffen-SS
  3. Frontkjemper.info - Jernkorset av 2. klasse - Nordmenn i Waffen-SS

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]