Jernvinne i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jernvinne frå yngre jernalder
Sigd og halsring i jern frå England.

Jernframstillinga i Noreg har føregått i over 2000 år. Dei fyrste spora etter denne verksemda er restar etter jernvinneomnar datert til før-romersk jernalder.[1] Ein har nytta fleire ulike framstillingsteknikkar, men prinsippet har likevel vore det same heilt til den moderne masomnen tok over for fullt i Noreg for rundt 200 år sidan.

Spor etter jernproduksjonen utgjer ein stor del av kulturminna. Jernframstillinga føregjekk som oftast nær myr i utmark, område som er lite attraktive med tanke på jordbruk. Dette gjer at jernframstillingsplassane i mange tilfelle har fått liggje urørt, og dei er difor godt egna til arkeologiske undersøkingar. Dessutan er kolgroper og spor etter jernvinna funksjonelle fornminne, og skil seg ut frå til dømes gravminne og helleristningar som er tolka som meir intensjonelle fornminne. Område med intensiv jernframstilling kan difor gje oss eit godt bilete av dei økonomiske og sosiale tilhøva i jernalder og mellomalder.

Kjeldegrunnlag og teknologi[endre | endre wikiteksten]

Forståinga av teknologi er ein viktig føresetnad for å forstå dei arbeidsprosessane som inngjekk i jernframstillinga. Me kan sjå kva landskap som gjorde jernframstillinga mogleg, og dermed kvar me kan vente å finne spor etter jernvinneomnar. Me kan også vurdere kor mykje arbeid og tid som trongst for å produsere jern. Ved å undersøke eit område der det har vore jernframstilling i førhistorisk tid, vil informasjonen ein får kunne strekke seg langt forbi det reint teknologiske. Til dømes kan talet på gardsbruk i området og storleiken på årsproduksjonen av jern i det aktuelle tidsrommet, gjere det mogleg å undersøke om produksjonen av jern var større enn det som trongst i det lokale miljøet.

Råstoffa ein treng til produksjonen av jern er myrmalm og tre, men prosessen som fører til det ferdige jernet er likevel komplisert. Sjølv med all kunnskapen me i det moderne samfunn har om metallurgi, har ingen i nyare tid klart å framstille godt og smibart jern på same måte som dei gjorde i jernalderen og mellomalderen.[2] Det meste av informasjonen me har om den teknologien som var i bruk i jernframstillinga har me frå undersøkte jernframstillingsområde. I tillegg har me ulike skriftlege kjelder, til dømes lovtekstar og sagaer frå mellomalderen. Den skriftlege kjelda som har gitt oss den grundigaste innføringa i teknologien ved jernframstilling var ei bok utgjeven i 1790 av Ole Evenstad.[3] Her skildrar Evenstad jernframstillingsmåten som vart nytta på 1700-talet. Omnstypen han beskriv har seinare vorte kalla evenstadomnen. Denne omnen var den siste i rekka av «småskala»-omnar, før dei moderne masomnane tok over for rundt 200 år sidan.[2][4]

Framgangsmåte[endre | endre wikiteksten]

Smelta jern frå ein moderne stålfabrikk. Ved jernvinne i Noreg blei jernet produsert under smeltepunktet.

Reint teknisk er det som skjer ved produksjonen av jern at ein fjernar oksygenatom frå malmen som jernoksid, i fyrste omgang ved røsting av malmen.[5] Ved røsting brenn ein bål under myrmalmen for å fjerne jord og liknande og klargjere malmen til den vidare prosessen. Evenstad fortel om åtte ulike typar myrmalm, og for å teste malmen skulle ein tygge på den. God malm skulle klebe til tennene.[2] Etter røstinga vart malmen lagt i ei omnssjakt med trekol, som ved forbrenning danna gassen karbonmonoksid og fjerna oksygen frå malmen. Her vart malmen redusert og det vart framstilt jern, samt avfall kalla slagg.[5]

Jernet i jernvinna vart framstilt etter den såkalla «direkte metoden», det vil seie at jernet vart framstilt under smeltepunktet. Dette førte til eit lågt karbonopptak og gjorde jernet godt eigna til smiing. Myrmalm passar ypparleg til denne metoden fordi det inneheld ureiningar med eit lågare smeltepunkt enn det jernet har.[6]

I jernalderen var det to hovudtypar av jernvinneomnar i bruk, desse var gropsjaktomn og sjaktomn med slaggavtapping. Gropsjaktomn vart tatt i bruk tidleg i eldre jernalder.[1] Sjakta i denne omnstypen var ca 60-100 % større i diameter enn i sjaktomn med slaggavtapping.[6] Dette var fordi treet vart omdanna til kol i sjølve omnen.[6]

I gropsjaktomnar rann slagget ned og størkna i ei grop under sjakta og danna slaggblokkar.[6] Mellom 600 og 700 e.kr. skjedde det ei endring i jernvinneteknologien. Gropsjaktomnen ser meir eller mindre ut til å forsvinne og sjaktomn med slaggavtapping vart tatt i bruk.[6] Likevel er det i Østerdalen påvist ein gropsjaktomn som kan vere datert til så seint som år 1000 e.kr.[5]

I denne nye omnstypen vart slagget, som namnet tilseier, tappa flytende ut av sjakta gjennom ein opning mot botnen, og danna renneslagg.[6] I gropsjaktomnen ser det ut til at furu var veden ein i hovudsak nytta, men etter sjaktomn med slaggavtapping vert tatt i bruk ser det ut til at val av treslag har hatt mindre å seie. Gran, furu eller bjørk ser no ut til å vere likeverdige.[2] Grunnen til dette var at i staden for å omdanne tre til kol i sjølve omnen som tidlegare, vart dette no skild ut som ein separat prosess, der treet vart omdanna til kol i kolgroper. Dette vart gjort ved å stable tørka ved i ei grop og legge eit dekke over for å avgrense lufttilførselen. Veden vart antakeleg stabla like høgt over bakken som kolgropa var djup.[5] Lufttilførselen skulle vere så liten at noko av trekolet forbrann, men berre det som var nødvendig for å erstatte varmen som gjekk med til å drive fuktigheita ut av veden.[7] Ved sidan av at kolgroper var ein enkel og genial konstruksjon som gav jamn fordeling av lufttilførselen, fungerte gropa også truleg som lager for å oppbevare kolet.[6]

Det er relativt lett å sjå forskjell på bitar av slaggblokk og renneslagg. Utan å grave kan ein dermed sjå kva omnstype som var i bruk på den aktuelle staden og på denne måten gje ei omtrentleg datering på jernvinneomnen. På liknande måte kan ein konkludere med at ein sjaktomn med slaggavtapping har vore i bruk om ein finn fleire kolgroper i nærområdet rundt jernvinneplassen.

Produksjonen av jern femna om fleire arbeidsprosessar. Aller fyrst måtte ein grave opp myrmalm og hogge ved, og begge delar måtte tørkast. Når det hadde fått tørka måtte malmen røstast, og det måtte gravast kolgroper så veden kunne forkolast. Deretter måtte ein lage sjølve jernvinna før jernblåsinga kunne byrje.[7] Jernet var likevel ikkje klart til å bli smidd med ein gong. Jernet som vart liggande att i omnen var ikkje heilt reint, men inneheldt ureinhetar som slagg. Dette jernet er kalla blåsterjern eller jernlupp. Jernluppen måtte vidareforedlast før det kunne brukast som reiskapsmetall og denne vidareforedlinga skjedde i smier/esse. Narmo har berekna eit maksimumstap på så mykje som 50 % i vidareformidlinga av jernet til reiskapsmetall.[5] Representasjonsproblematikken er viktig å ha i bakhovudet når ein driv med arkeologiske undersøkingar, og særskilt med jernframstillinga. Jernvinneomner er særdeles vanskeleg å sjå i terrenget, særskilt sjaktomn med slaggavtapping. Nokre jernvinner hadde tak, såkalla blestertufter. Blestertufter er mykje enklare å sjå i terrenget enn jernvinner utan tufter, blestertufter kan difor vere noko overrepresentert i det arkeologiske materialet.

Jernvinne i samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Menneska som levde i yngre jernalder og mellomalder i Noreg såg verda rundt seg annleis enn det me gjer i dag. Både den sosiale, religiøse og økonomiske røynda skilde seg frå dagens, me må difor vere varsame med å bruke moderne omgrep og termar når me beskriv situasjonen til menneske som levde for tusen år sidan. Førestillingsverda vart gjerne uttrykt gjennom religion, ritual og symbol, dette var antakeleg også viktig i jernframstillinga.[1] Ein må rekne med at av og til vart jernframstillinga mislykka, sjølv om ein tilsynelatande brukte den same framgangsmåten. Truleg var det difor knytt overtru til jernframstillinga, og det er lite truleg at det berre var reint praktiske og funksjonelle faktorar som spela inn under framstillinga av jern.

Kven stod bak jernframstillinga?[endre | endre wikiteksten]

Jernframstilling har vore utbredt i store delar av Sør-Noreg og så langt nord som Nord-Trøndelag,[6] medan det ikkje er funne jernvinneanlegg i Nord-Noreg.[2] Det er vanskeleg å sei om grunnen til dette er at det ikkje har vore leita godt nok, eller om det er økologiske faktorar som har spela inn. Tilgang på myrmalm og tre var som nemnt føresetningar for kvar jern kunne framstillast. Jernvinna vart lagt til stader der ein slapp å transportere malm og ved over store avstandar. Morenejord ville vere å føretrekke, då ein måtte grave kolgroper. Dette er dei viktigaste økologiske og økonomiske avgrensingane, men ein må rekne med at sosiale og kulturelle faktorar og spela inn.

Mange jernframstillingsplassar frå eldre og yngre jernalder ligg nært noverande stølsområde.[6] Dette har fått fleire til å konkludere med at jernvinna var driven om sommaren ved sidan av stølsdrifta. Bjørn Hougen skriv i si avhandling frå 1947 om jernutvinninga si tilknyting til setring,[1] og i 1957 skriv Reinton i si analyse av seterbruket i Noreg at «Jarnvinna var mange stader ei seteronn som slåtten, risinga, lauvinga og mosetakinga».[6]

Stort sett finn ein jernframstillingsstader i utmark, og ofte tett opp imot tregrensa. Denne lokaliseringa har ført til at det er blitt framlagd ein teori om at jernvinna vart driven frå fjellgardar. Dette var gardar lagt til marginale område der ein ikkje kunne overleve på jordbruket aleine, men også tok i bruk andre ressursar som til dømes jakt, fangst og jernvinne.[7][8] Visse busetingshistoriske trekk i dalstrøk i Trøndelagsområdet kan gje mistanke om ein samanheng mellom jernvinne og gardsbusetnad. Området har vore busett i eldre jernalder, men har i historisk tid hatt svak busetnad, til dømes med lang audetid. Jordbruksgrunnlaget synast difor ikkje å ha vore særskild gunstig, samtidig som det finst mange spor etter jernvinne.[9] I marginale område med dårlege jordbrukstilhøve kunne kanskje jernframstilling skape byttemiddelet som fjellgardane trong for å byte til seg nødvendige varer som til dømes korn og salt. T. Taksdal har beskrive ein årssyklus ved ein fjellgard på Møsstrond frå ca. 1900, denne årssyklusen kan ein jamføre med alt arbeidet som omfattar jernframstillinga. Tidleg på våren vart myrmalm grave og tre felt, og låg over sommaren for å tørke. På hausten etter slåttonna vart treet forkulla og malmen røsta. Sjølve jernblåsinga vart lagt til vinterhalvåret, då det var relativt roleg og ikkje så mykje å gjera elles på garden.[7] Denne årssyklusen kan kanskje passe godt inn i Bykle-Vinjeheia øvst i Setesdalen og Telemark i yngre jernalder og mellomalder. Området ligg rimeleg høgt og har dårlege jordbruksforhold, men har mange spor etter jernframstilling.[7] I samband med folke- og jordbruksteljinga i 1865 blir det angitt at ein ikkje kunne rekne med at kornet vart modent oftare enn kvart femte år, altså var kornproduksjonen ustabil og det må ha vore naudsynt med import av korn. Fedrift har vore viktig i området, samt jakt, fangst og fiske.[7] Det kan tenkjast at jernvinna og var ein viktig ressurs, på linje med fangst og fiske. Funn av jernvinner som har hatt tak, såkalla blestertufter, kan støtte teorien om at jernblåsinga skjedde i vinterhalvåret. Jernframstilling kan ha vore sesongbetont og det gjer det sannsynleg at verksemda kan ha inngått som ein del av det ordinære arbeidet på garden.

Di meir komplisert den tekniske prosessen blir, di meir spesialiserte må personane som skal utføre den vere. Eit interessant spørsmål er difor om det var få personar som var så spesialiserte og hadde den kunnskapen som trongst for å produsere jern, eller om kvar bygd eller kvar gard hadde personar som åtte denne kunnskapen. Den såkalla spesialiseringsteorien kan delas inn i to alternativ, anten som ei sjølvstendig sesongmessig utmarksnæring for dei omkringliggande bygdene, eller som ei sjølvstendig sesongmessig utmarksnæring for økonomisk sterke område lenger vekk.[8] Desse to variantane er veldig vanskeleg å skilje berre på grunnlag av materialet frå jernframstilingsplassane. Storbønder eller høvdingar frå lågare liggjande område med god jord, kunne skaffe overskotet som trongst for å sette spesialistar i arbeid med å produsere jern. Om ein storbonde eller høvding fekk kontroll over produksjon og handel med jern ville det truleg kunne ha styrkt posisjonen hans i samfunnet betrakteleg.

Det å produsere jern krev mykje tid og fleire ulike arbeidsprosessar. Så om jernvinna var driven av spesialistar som ikkje hadde direkte tilknyting til området der jernframstillinga tok stad, ville det vere rimeleg å anta at ein skulle finne restar etter bustadhus eller i alle fall eldstad i nærleiken av jernvinneplassen. Bortsett frå blestertufter, er det ikkje funne noko bustadhus som vitnar om overnatting over lengre tid. Ei blestertuft var som regel delt inn i to rom, med omnen i det ein rommet og belgane for å skaffe trekk i det andre. Ved eventuell overnatting kan ein ha sove i belgrommet og bruka utandørs eldstader.[6]

Undersøkingar på Møsstrond viser at golvararealet i den delen av tufta utan omn var ca 10–15 m². Det er heller ikkje påvise noko kulturlag her.[8] Blestertuftene har dermed mest sannsynleg ikkje ha vore permanente bustadar. I Valdres og Gausdal derimot har nokre blestertufter med datering frå ca 1270-1400, bustadrom med eldstad. Dette kan tyde på at jernvinna kunne ha vore driven som ei eiga sjølvstendig utmarksnæring i dette området.[6] til dømes ved spesialistar som arbeidde under ein storbonde. Ikkje før nærmare år 1300 har ein belegg for busetnad over lengre tid på jernframstillingsplassane i Sør-Noreg. Det gjer at tidlegare i mellomalderen og yngre jernalder er det mindre sannsynleg at jernframstillinga føregjekk heilt uavhengig av lokale gardar. Jernet kunne likevel bli framstilt av spesialistar som arbeidde under ein mektig høvding eller storbonde, og som fekk kost og losji på lokale gardar eller stølar.

I andre delar av landet kan det ha vore eit større innslag av organisering utanfrå jernframstillingsområda. Til dømes er det i Nidaros funne ein særdeles stor metallverkstad, der blant anna jern vart vidarearbeidd på 1100- og 1200-talet.[2] Trøndelag er eit område der erkebiskopen eigde store område med leiglendingar, og difor kunne kontrollere produksjon, omsetning, transport og kanskje smiing til ferdige produkt.[2] I dei indre delar av Sør-Noreg kan det virke som bøndene var meir sjølveigande, og difor kunne ha meir kontroll over denne produksjonen, samt handel og distribusjon.[2] Det kan dermed sjå ut som det er eit skilje mellom Trøndelag og dei indre delane av Sør-Noreg. Der jernframstillinga og handelen i Trøndelag var meir organisert av mektige personar utanfor bygda og lenger sør var jernframstilling og handel styrt meir lokalt.

Drivkrafta bak jernframstillinga[endre | endre wikiteksten]

Eit gardsbruk sitt forbruk av jern i yngre jernalder og mellomalder har vore forslått til å vere rundt 1 kg i året.[6], medan kvar person i Noreg på 2000-åra bruker rundt 400 kg i året.[3] Det viser kor viktig og dyrebart jernet var i yngre jernalder og mellomalder og ein må rekne med at jernreiskapar som vart øydelagd vart smidd om fleire gonger før det vart tatt i bruk «nytt» jern.

På dei fleste jernframstillingsanlegga som har vore arkeologisk undersøkt, ser det ut til at når jernvinnene har vore i drift har dei produsert jern i mengder som med god margin steig over det som gardsbruka i området hadde behov for. Til dømes på Møsstrond har det vore gjort eit overslag på at ca 10 000 kg jern vart produsert i året i tidsrommet 950 til 1150 e.kr.[8] Dette indikerer at jernet ikkje vart produsert berre for å dekke lokale behov, men at ein sannsynlegvis produserte med tanke på sal eller bytte. Likeins har årsproduksjonen frå berre eit av dei mange jernvinneanlegg på Rødsmoen i Åmot i tidsrommet ca 950-1300 e.kr. vore tilstrekkeleg til å dekke i alle fall halvparten av den lokale etterspørselen.[5] Ein kan tenkje seg at gardar har gått saman for å produsere jern, men likevel er mengda jern altfor høg for å berre dekke behovet på gardane. Det ser dermed ut til at mykje av det arkeologiske materialet peikar mot at jern ikkje berre var produsert til eiga forbruk, men for ein større marknad. Sidan jernet var ei ettertrakta vare, egna det seg antakeleg ypparleg som byttevare.

I dei marginale områda der me ofte har funne jernvinner var det bortimot umogleg å overleve berre ved å utnytte jordbruk. Det var nødvendig å utnytte andre økologiske nisjar som til dømes fangst.[8] Jernframstilling kunne også utgjere ein nisje, og ein kunne bytte jern mot nødvendigheitsvarer og statusvarer. Jernframstillinga kunne også ha vore eit hovuderverv, ved at eit gardsbruk produserte jern og brukte det til å bytte til seg tilnærma alt det dei trong. Undersøkingar frå Østerdalen tyder på at jernframstillinga gjekk langt utover å dekke eit hushalds primære behov, og jernframstilling som hovuderverv kunne vere mogleg.[5]

Øks og brynje i Agatunet i Hardanger.
Foto: Frode Inge Helland

Vikingtida var ei særs ustabil tid i Noreg, og etterspørselen etter jern til våpen må ha vore stor. Det var også ei ekspansiv periode og båtbygging måtte resultere i ein etterspørsel etter jernnaglar, og også jern til reiskapar. Med såpass stor etterspørsel etter jern, kunne ein forvente at jernframstillinga gjennom vikingtid var stor for å dekke dette behovet. Det var også den oppfatninga ein hadde i tidleg arkeologisk forsking, før C14-metoden vart tatt i bruk, som fylgje av mange gravfunn rike på jern frå vikingtid.[2] Undersøkingar har likevel vist at jernframstillinga i vikingtida ikkje var så stor som ein kunne forvente, og ikkje før i sein-vikingtid tok omfanget seg opp.[10] Rundt år 700 er det ein markert nedgang i jernframstillinga.[5] Samtidig gjekk den eldre typen omn, gropsjaktomn, ut av drift.[6] Overbeskatting av furu har vore peikt på som ei av årsakene til dette. På 700-talet opphøyrde den største jernframstillinga i Aust-Noreg, omtrent samtidig blei storhaugane anlagt.[5] Bjørn Myhre ser desse i samanheng med danninga av små riker, gryande statsdanning og ustabile forhold i samfunnet.[5] Noko som også kan fortelje om eit samfunn i endring er overgangen frå urnordisk til norrønt språk, som fell saman med det teknologiske skiftet i jernframstillinga.[3]

Om ein produserer ei vare i dagens samfunn og det er stor etterspørsel etter vara, vil ein produsere meir for å dekke etterspørselen og tene meir. Det kan hevdast at om det var stor etterspørsel etter jern i jernalder og mellomalder ville dei jernproduserande gardsbruka senke produksjonen i staden for å auke den. Ein må rekne med at om det var stor etterspørsel fekk ein bytte til seg meir per kg jern, det vil seie at ein kunne senke produksjonen og arbeide mindre for å dekke eit gardsbruks behov for varer og statusgjenstandar.[6] Den totale jernproduksjonen kunne likevel vere den same eller til og med auke. Dette fordi fleire gardsbruk kunne ta sjansen med å gå i gang med jernframstilling.

I tida før sein vikingtid var altså ikkje etterspørsel ein avgjerande faktor for storleiken på jernframstillinga, det måtte dermed vere andre faktorar som verka inn. Om me går utifrå at det var fjellgardar som produserte jern, vil det vere naturleg at dei inngjekk i eit byttenettverk for å skaffe det dei trong i bytte mot jern. Ein marginal fjellgard var avhengig av ein stabil byttepartnar, som til ei kvar tid ville gje dei det dei trong. Den turbulente vikingtida betydde færre stabile byttepartnarar, jernframstillinga som bi- eller hovudgeskjeft kunne dermed ikkje bli opprettheldt på mange fjellgardar, og det vart ein nedgang i jernframstillinga. Rundt år 1000 vart det rolegare tider med ein framvekst av marknadsplassar og bydanningar. Dette gjorde at det vart mogleg å busette seg i meir marginale område der jordbruket aleine ikkje var nok til å oppretthalde eit gardsbruk. Då ein kunne framstille jern som bi- eller hovudgeskjeft sidan det no fanst stabile byttepartnerar, auka omfanget av jernproduksjonen igjen.[5]

Politiske konfliktar kan bety samanbrot i byttenettverket, noko som vil resultere i nedgang i jernframstillinga. Så lenge jernprodusentar ikkje har noko stabil byttepartnar, vil etterspørselen etter jern vere irrelevant.[5] . Noko større jernframstilling vil såleis ikkje ta seg opp att før det er stabile busetingsstrukturar og byttepartnerar, og det ser ikkje ut til at skjer før i sein vikingtid. Antakeleg var det nettopp difor gravene var så rike på jern, sidan jern var mangelvare og dermed eit statussymbol.

Handel og varebytte[endre | endre wikiteksten]

Draktspenne (fibula) av jern frå jernalderen.

Kva var handel i jern- og mellomalder? Som nemnt ovanfor kan det ikkje vera eit eintydig svar på dette. Gåvebytteøkonomi var antakeleg ein sentral transaksjonsform i denne perioden. Ei gåve kravde ei gjengåve, og gåvebyttet etablerte ein forbinding mellom givar og mottakar. Det er dette Karl Polyani omtaler som «resiprositet». Utveksling av varer og ting var innvoven i kulturelle mønstre og sosiale strategiar, og hadde andre sider enn dei reint økonomiske.[11] Ei anna transaksjonsform som truleg var viktig var det Polyani kalla «redistribusjon».

Gåvebytte omfatta ofte luksusgjenstandar og prestisjevarer. Vidareforedla jern smidd til flotte våpen og avanserte gjenstandar kunne nok vere del av gåvebyttenettverk, men jern som standardisert form, jernbarre, var nok antakeleg eit meir kvardagsleg produkt og del av eit redistribusjonsnettverk.

Eit eksempel på eit redistribusjonsnettverk kan ein kanskje finne i Telemark. Rundt 1100 levde den mektige Dag-slekta i Skien i nedre Telemark, og den kontrollen dei hadde over handelen med innlandsområdet i Telemark var antakeleg ein viktig basis for familien si makt.[8] Overskotet av nytteprodukt vart utveksla med produkt som vart brukt til å utbygge og understøtte slekta sin sosial status og politiske makt. Det treng ikkje ha vore noko direkte samband mellom jernprodusentar og Dag-slekta, bortsett frå at jernprodusentar inngjekk i det same redistribusjonsnettverket som Dag-slekta har stått i sentrum for.[12] På den andre sida kan det og tenkjast at det var spesialistar som arbeidde direkte for Dag-slekta, til dømes som jernprodusentar, men meir truleg som smedar som vidareforedla jernet.

Mykje av jernframstillinga føregjekk i innlandet, medan det budde mest folk i kystområda. Dette gjer det sannsynleg at det fanst handel med jern. Men korleis kan denne handelen bli avdekt arkeologisk? Jernbarrar har vore tolka som indikator på ein organisert handel med jern.[1] Funn av jernbarrar vil også tyde på meir spesialisering i jernframstillinga.

Elver og innsjøar var naturlege transportårer, som ville forenkle handelen over lengre avstandar. Elvene måtte likevel vere store nok og rolege, og innsjøane måtte vere av ein viss storleik. Sverre Steen la i 1934 fram ein teori om at elvene i Noreg var prega av for mykje stryk og for mange fossefall til at dei kunne ha vore brukt som transportårer. Likevel har nok elvene truleg vorte bruka, ved at ein lasta om og transporterte produkta på land forbi dei verste stryka. Lausfunn av jernbarrar kan tyde på handelsveg, ein kan lett tenkje seg at enkelte jernbarrar vart tapt ved transport på hesteryggen. Sjølve varebyttet føregjekk mest sannsynleg på marknader ein eller fleire gonger i året, desse marknadene varte ikkje lenge og har neppe resultert i noko varig bebygging, noko som gjer dei vanskeleg å gjenkjenne arkeologisk.[8] Det er rimeleg å tru at desse marknadsplassen har oppstått etter regionale behov og ikkje som resultat av at ein større politisk makt som ville kontrollere handelen. Utover i mellomalderen kan det likevel tenkjast at i alle fall dei større marknadsplassane har vorte underlagt politisk styring.[8] Det er lite arkeologisk spor etter handelsvegar og marknadsplassar, men det kan tenkjast at handelsvegar og marknadsplassar har vore meir eller mindre kontinuerleg i bruk heilt opp til moderne vegbygging tok til.

Nedgangen[endre | endre wikiteksten]

I 1349 råka Svartedauden landet, den og andre pestar som følgde tok livet av ein stor del av befolkninga i Noreg. I 1349 var folketalet i Noreg 500 000, medan det i 1520 låg på rundt 180 000.[3] Svartedauden har ofte blitt framlagd som hovudårsaken til nedgangen og slutten på jernproduksjon med sjaktomn med slaggavtapping. Svartedauden la mange bygder aude, stabile byttenettverk braut ned, og dei som overlevde pesten hadde nok av jern etterlate av dei som døydde. Men om Svartedauden var årsaka til at jernframstillinga stoppa opp burde nedgangen skje samtidig i alle jernvinnebygder. På Møsstrond og i Bykle-Vinjeheia ser det ut til å vere ein brå nedgang frå 1200. Det ser ut til at nedlegging av garder i dette området skjedde før Svartedauden. Blant årsakene til denne krisa har ein peika på ei forverring av klimaet som skjedde rundt år 1200.[8] Etter år 1350/1400 ser jernvinna ut til å forsvinne fullstendig.[6]; Og sjølv om Evenstadomnen vart tatt i bruk seinare, kom jernproduksjonen i bygdene aldri til å nå slike høgder som den gjorde i løpet av yngre jernalder og mellomalder.

Jernvinneforsking i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I 1909 utførte Håkon Shetelig den fyrste utgravinga av ein jernframstillingsplass på Etne i Hordaland.[6] Seinare på 1920-talet vart jernframstillinga i Noreg drøfta av fleire arkeologar, og Brøgger og Shetelig var blant dei som tok for seg problemstillingar kring temaet.[1] Statsgeolog Rolf Falck-Muus var òg blant føregangsmennene innan jernvinneforskning. Han undersøkte ei rekke jernframstillingsplassar på 1920- og 30-talet. Undersøkinga hans fokuserte mest på ulike omns- og slaggtypar, og Falck-Muus var ein av dei fyrste til å sjå at ulike slaggtypar kan gje informasjon om ulike omnstypar.[13]

I denne tidlege forskinga var dei teknologiske sidene ved jernframstillinga som vart mest vektlagd, og dei sosiale og økonomiske sidene fekk mindre merksemd. Frå slutten av 1940-talet var det mindre fokus på jernvinneforsking, og det var fyrst med dei arkeologiske undersøkingane som vart sett i gang i forkant av dei store vassdragsutbyggingane omkring i Noreg på 1960-talet gjorde at jernvinneforsking på nytt vart aktuelt.

Frå 1970-talet har det kome mange store undersøkingar på jernvinneanlegg rundt om i Noreg. Sentrale spørsmål har vore, kven som produserte jernet og korleis handel med jern føregjekk. Det vart også lagt meir vekt på tverrfagleg samarbeid. På grunn av høge kostnader har store undersøkingar på jernframstillingsområde likevel berre vore mogleg der det har vore store utbyggingsprosjekt på gang. Som Dokkfløy i Oppland (oppdemming), Hovden og Bykle i Setesdalen (turisme), Møsstrond i Telemark (oppdemming) og Rødsmoen og Gråfjellet i Østerdalen (militærleir og skytefelt).

Teknologisk kunnskap som arkeologisk praksis[endre | endre wikiteksten]

Produksjonen av jern kan kvantifiserast relativt nøyaktig. Ved å avklare forholdstalet mellom jern og slagg kan ein berekne produksjonen av jern ved den enkelte jernvinna. Forholdstalet kan utreknast som differansen mellom jerninnhaldet i malmen og slagget.[5] I sine berekningar av jernvinna i Valdres og Gausdal brukar Narmo forholdstalet 0,3 kg jern for 1 kg slagg.[6] Dette forholdstalet har også vore brukt av Irmelin Martens,[8] men forholdstalet må reknast som eit minimumstal. Det er å føretrekke å skaffe områdespesifikt grunnlagsmateriale. Når ein har funne eit forholdstal, må ein vege slagget ved den aktuelle jernvinna, og ein kan få eit rimeleg nøyaktig anslag over storleiken på jernframstillinga. Dette er likevel lite verdt om ein ikkje veit kor lenge jernvinna var i bruk. Ein kan finne brukstida ved å sjå slaggvekta i forhold til talet på slaggtappingar og vekt av omnsforing i omnane i forhold til vekt av omnsforing i slagghaugane. Ein kan også sjå slaggvekta i forhold til volumet av kol[6] Det er likevel noko usikkert kor nøyaktig desse metodane er.

Formidling av jernvinnekunnskapen[endre | endre wikiteksten]

Eit museum vigd heilt til verksemda knytt til jernvinne i Noreg er Jernvinnemuseet i Bykle kommune i Setesdal i Aust-Agder fylke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Tveiten, O. 2005. Utkant eller egg? Jernutvinning i Møre og Romsdal i førhistorisk tid og mellomalder. Bergen. Upublisert hovudfagsoppgåve ved Universitetet i Bergen. s. 22"
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Espelund, A. 2005. Bondejern i Noreg. Jernvinna i tid og rom. Trondheim. s. 152
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Espelund, A. 2004. Jernet i Vest-Telemark der tussane rådde grunnen. Trondheim. s. 62
  4. _
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 Narmo, L.E. 1997. Jernvinne, smie og kullproduksjon i Østerdalen. Oslo. s. 8
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 6,12 6,13 6,14 6,15 6,16 6,17 6,18 Narmo, L.E. 1996. Jernvinna i Valdres og Gausdal – et fragment av middelalderens økonomi. Oslo. s.4
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Bloch-Nakkerud, T. 1987. Kullgropen i jernvinna øvst i Setesdal. Oslo.
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 Martens, I. 1988. Jernvinna på Møsstrond i Telemark. En studie i teknikk, bosetning og økonomi. Oslo.
  9. Farbregd 1979
  10. Narmo 2003 s.61
  11. Skre og Stylegar 2004 s.52
  12. Christophersen 1987
  13. Larsen, J.H. 1991. Jernvinna ved Dokkfløyvatn. De arkeologiske undersøkelsene 1986-1989. Oslo.