Jerry Allison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jerry Allison

Buddy Holly og The Crickets i 1958 (øvst til nedst): Allison, Holly og Joe B. Mauldin
Fødd31. august 1939 (84 år)
FødestadHillsboro i Texas
FødenamnJerry Ivan Allison
OpphavUSA
Aktiv1957–2022
SjangerRock and roll, rockabilly
InstrumentTrommer, perkusjon, vokal, gitar
Verka sommusikar

Jerry Ivan Allison (fødd 31. august 1939) er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som trommeslagar i The Crickets[1] og som medlåtskrivar på hittane deira «That'll Be the Day» og «Peggy Sue», som vart spelt inn i lag med Buddy Holly.[2]

Jerry Allison var ein av dei første viktige trommeslagarane som kom fram då rock and roll og rockabilly oppstod.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Allison vart fødd i Hillsboro i Texas og byrja å spele med Holly tidleg i karrieren hans, og ei stund spelte dei i lag kring Lubbock i Texas. Dei to var då heile bandet, med berre Holly på gitar og Allison på trommer. Allison klarte å skape stor variasjon i lyden frå trommene, trass i det avgrensa utstyreet dei hadde på den tida, og spelte stundom berre med ei skarptromme, ein cymbal og ei basstromme.[1] Allison var med på den første, mislukka innspelinga til Holly i Nashville i 1956. Etter kvart utvikla bandet seg under Holly og fekk namnet The Crickets tidleg i 1957. Det tok først form som ein trio, og stundom kvartett, med gitaristen Niki Sullivan med Holly, den nye bassisten Joe B. Mauldin og Allison. Allison og Mauldin danna ein presis rytmeseksjon og stilen deira vart ofte etterlikna eller imitert av andre, og i tiåra etter dette vart The Crickets etterspurt som musikarar for mange artistar., hovudsakleg på grunn av den særeigne stilen deira.[1] Allison spelte med ein finesse og variasjon som gjorde han til ein del av melodien, og tom-tommane og skarptromma fungerte markerte ofte melodien og gitarlinjene, eller sjølv teksten. På sitt beste var han eit lite orkester bak Holly på liknande måte som Keith Moon seinare var det for The Who.[1]

Allison bidrog òg på låtskrivarsida til bandet, og medverka på fleire låtar med Holly, som «Peggy Sue» og «That'll Be the Day». Seint i 1958 gjekk The Crickets og Holly kvar sin veg og då Holly døydde i februar 1959, tok Allison over leiinga i gruppa, mellom anna stundom som songar.[1]

I tillegg til The Crickets, spelte Allison på The Everly Brothers-hitten «Till I Kissed You», og han har spelt med artistar frå Johnny Rivers til J.J. Cale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Jerry Allison». allmusic. Henta 8. februar 2018. 
  2. «Songar skrivne av Jerry Allison». Henta 8. februar 2018.