Jerry Kennedy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jerry Kennedy
Fødd10. august 1940 (83 år)
FødestadCaddo Parish
FødenamnJerry Glenn Kennedy
OpphavShreveport i Louisiana i USA
Aktiv1961 til i dag
SjangerCountry
rock and roll
InstrumentVokal, gitar, dobro
PlateselskapMercury
Verka somprodusent-låtskrivar, rytmegitarist

Jerry Glenn Kennedy (fødd 10. august 1940)[1] er ein USA-amerikansk plateprodusent, låtskrivar og gitarist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kennedy vart fødd i Shreveport i Louisiana. Han byrja med gitartimar som barn hos den lokale gitarlegenda Tillman Franks.

Kennedy fekk platekontrakt med RCA Records då han var berre 11 år gammal. Han spelte så inn fleire singlar, fleire i lag med Chet Atkins. Kennedy vart så eit tenåringsidol på skulen sin. Sjølv om han aldri vart ei stjerne som vokalist, song han korvokal for fleire artistar på Mercury Records som tenåring. Etter å ha arbeidd som studiomusikar kring Shreveport i fleire år, vart han overtydd om å flytte til Nashville av Irving Green, sjefen i Mercury Records. Kennedy kom til Nashville akkurat då countrymusikken vart popoulær i 1960-åra. Kort tid etter han kom til Nashville byrja han å arbeide som talentspeidar for countryavdelinga til Mercury, Smash Records, og byrja å produsere innspelingar i tillegg.[2]

Kennedy og Tommy Tomlinson, ei Louisiana Hayride-stjerne frå Minden i Louisiana, utvikla fire instrumentale album for Mercury Records i 1960. Albuma vart kalla «Tom & Jerry», og dekte alle musikksjangrar, og vart spelt inn i lag med Hank Garland, Boots Randolph, Bob Moore og Harold Bradley.[3]

Jerry Kennedy Orchestra deltok på innspelingar for Johnny Hallyday i 1962. Det vart gjeve ut fem plater frå desse innspelingane: «Johnny Sings America's rockin' hits», «The 1962 Nashville sessions Vol.2 The French recordings» gjeve ut på CD i 1990, «Nashville Session 62», «C'est fini miss Molly» og «Johnny Hallyday - Le Livre».

Kennedy var ein av studiomusikarane som Bob Dylan brukte på albumet Blonde On Blonde i 1966.

Kennedy mottok fire Grammyprisar,[4] Kennedy spelte dobro og gitar på innspelingar med artistar som Elvis Presley, Kris Kristofferson og Ringo Starr.[5] Kennedy spelte på eller produserte nesten alle countrypatene til Jerry Lee Lewis.[2]

I 1968 slutta Shelby Singleton, som hadde fungert som ein mentor for Kennedy, i Smash. Kennedy tok over og styrte Smash Records i 16 år,[1][2] og arbeidde med countryartistar som Roger Miller, Reba McEntire, Johnny Rodriguez og Tom T Hall.[6]

I 1987 gav Kennedy og David Briggs ut ein song for Mercury Records tilskriven Joe Kenyon. Dette var ein versjon av Vangelis sin «Hymne». E & J Gallo Winery brukte denne versjonen i reklamane sine og songen nådde 33. plassen på Hot Country Songs-lista i USA.[7]

Kennedy er far til låtskrivaren, musikaren og produsenten Gordon Kennedy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Cusic, Don. (1998) «Jerry Kennedy». In The Encyclopedia of Country Music. Paul Kingsbury, Editor. New York: Oxford University Press. s. 277-8.
  2. 2,0 2,1 2,2 CMT Profile of Kennedy
  3. Tommy Tomlinson: A Great Rockabilly Gitar Picker, rockabillyhall.com 
  4. «It's a Two Man Collection», av Willie G. Moseley, for Vintage Guitar Magazine, 3 September 2009. Henta 28. november 2016.
  5. Country Music Hall of Fame press release, dated 25 January 2008.
  6. Bio of Bryan Kennedy, Jerry Kennedy's son Arkivert 2011-07-14 ved Wayback Machine..
  7. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 223. ISBN 0-89820-177-2.