Jerry Leiber og Mike Stoller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tekstforfattaren Jerome «Jerry» Leiber (25. april 1933-22. august 2011)[1] og komponisten Mike Stoller (fødd 13. mars 1933) var ein amerikansk låtskrivar- og produsentduo. Dei fekk først suksess med songar som «Hound Dog» (1952) og «Kansas City» (1952). Seinare i 1950-åra fekk dei ei rekkje hittar med The Coasters, som «Young Blood» (1957), «Searchin'» (1957) og «Yakety Yak» (1958), som er somme av dei mest underhaldande i rock and roll med hjelp av humor og ein stil som var meir teatralsk enn personleg.[2] Dei var blant dei første kvite musikarane som omfamna svart musikk med gjennomarbeidde produksjonsverdiar der dei la vekt på den kjenslemessige krafta med The Drifters på «There Goes My Baby» (1958), som igjen påverka Phil Spector, som studerte produksjonane deira medan han spelte gitar på somme av innspelingane deira.

Leiber og Stoller skreiv mange hittar for Elvis Presley, som «Love Me» (1956), «Jailhouse Rock» (1957), «Loving You», «Don't» og «King Creole».[3] Dei samarbeidde òg med andre låtskrivarar på songar som «On Broadway», i lag med Barry Mann og Cynthia Weil; «Stand By Me», i lag med Ben E. King; «Young Blood», i lag med Doc Pomus og «Spanish Harlem», som Leiber skreiv i lag med Phil Spector. Dei vart stundom oppførte under pseudonymet Elmo Glick. I 1964 lanserte dei Red Bird Records med George Goldner og fokuserte på «jentegrupper», og gav ut somme av dei klassiske songane frå Brill Building-tida.[4]

Alt i alt skreiv Leiber og Stoller over 70 hittar. Dei vart innlemma i Songwriters Hall of Fame i 1985 og Rock and Roll Hall of Fame i 1987.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. William Grimes, Jerry Leiber, Prolific Writer of 1950s Hits, Dies at 78, New York Times, August 22, 2011
  2. Gillett, Charlie (1996). The Sound of the City: The Rise of Rock and Roll (2nd utg.). New York, N.Y.: Da Capo Press. s. 72–75, 192–194. ISBN 0-306-80683-5. 
  3. «Johnny Mercer Award - Songwriters Hall of Fame». Arkivert frå originalen 1. oktober 2006. Henta 15. oktober 2016. 
  4. Decurtis, Anthony; George-Warren, Holly, red. (1976). The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll (3rd utg.). New York: Random House. s. 148–51. ISBN 0-679-73728-6. 
  5. «Jerry Leiber og Mike Stoller - inductees». Rock & Roll Hall of Fame. Henta 15. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Jerry Leiber og Mike Stoller