Jerusalem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
hebr. יְרוּשָׁלַיִם (jərūšā'lajim),
ar. القُدس (al-qūds), أُورشَلِيم (ūrshalīm)
Horisonten til Jerusalem
Flagget til Jerusalem Byvåpenet til Jerusalem
Flagget til Jerusalem Byvåpenet til Jerusalem
Styresmakter
Land
Distrikt
Israel (omstridd)
Jerusalem
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - By (2012)

933 200
Koordinatar 31°47′″N 35°13′″EKoordinatar: 31°47′″N 35°13′″E
Høgd over havet 754 m

Jerusalem er ein by i Midtausten i det historiske landskapet Israel/Judea/Palestina. Byen ligg på vasskiljet mellom Middelhavet og Dødehavet, på eit høgdedrag frå 650 til 840 meter. Jerusalem ligg aust for Tel Aviv, sør for Ramallah, vest for Jeriko og nord for Betlehem. Jerusalem har opp gjennom åra vore ein omstridd by. Som hovudstad i det historiske Palestina og for Israel/Judea er han jødane og dei kristne sin hovudby. Byen er òg religiøst viktig for muslimane.

Jerusalem har sidan 1950 vore de facto hovudstad i staten Israel. Fram til 1967 var berre Vest-Jerusalem ein del av Israel. Sidan Seksdagarskrigen i 1967 har Israel òg styrt over Aust-Jerusalem. Israel gjer krav på heile byen som sin hovudstad, men det er ikkje internasjonalt anerkjent. Nesten alle ambassadar ligg difor i Tel Aviv. Palestinarane gjer krav på Aust-Jerusalem som hovudstad for dei palestinske sjølvstyresmaktene i ein framtidig palestinsk stat. Etter SN sin delingsplan frå 1947 skal Jerusalem vera ein internasjonal by under SN-styre. Israel vedtok ei lov der det vart slege fast at Jerusalem var Israel sin «evige og udelelege hovudstad».

I Jerusalem ligg mellom anna den jødiske heilgdommen Vestmuren, òg kjend som «Klagemuren» blant ikkje-jødar, Gravkyrkja, som etter tradisjonen er bygd over Jesu grav, og den muslimske Klippemoskéen frå 700-talet.

Namn[endre | endre wikiteksten]

«Hierosolima». Stikk frå 1493.

Ein by kalla Rušalimum eller Urušalimum er omtalt i egyptiske tekstar frå ca. 2000 f.Kr. og 1330 f.Kr. Namnet tyder truleg 'grunnen åt Sjalim', der Sjalim er ein semittisk gud.[2] Jødisk tradisjon knyter namnet til hebraiske sjalom, 'fred'. Fyrste Mosebok nemner Salem, som truleg er den same byen.

Klassisk hebraisk יְרֽוּשָׁלִַֽם [jərūšā'laim] er ei seinare fom av namnet. På moderne israelsk hebraisk Yerushalayim יְרוּשָׁלַיִם [jərūšā'lajim]. Ūršalīm er ei arabifisert form av dette namnet. På arabisk er byen mest kjend som Al-Quds القدس [al-qūds], 'den heilage' eller Bayt al-Muqaddas, 'heilag stad'.[2]

På bibelsk gresk blir byen kalla Ιερουσαλήμ, Hierousalēm/Ierousalēm eller Ιεροσόλυμα Hierosolyma/Ierosolyma, som har påverka europeiske namn på byen. Eit norrønt namn på byen er Jorsal, kjend frå kongsnamnet Sigurd Jorsalfare.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste spora av menneske på staden er frå sein steinalder og tidleg bronsealder (3000-talet f.Kr.).[1] Byen er først nemnd i Amarnabreva frå 1300-talet f.Kr., då han var under egyptisk styre.[2]

Det budde folk på eit område sør for den noverande Tempelhøgda, med ein bymur like over Gihonkjelda. Ifølgje Bibelen erobra kong David denne borga, kjend som Sion, og gjorde henne til hovudstad i kongedømet Israel. Dette er blitt tidfesta til rundt 1000 f.Kr. Kong Salomo utvida byen og bygde eit kongeslott og det første Tempelet i Jerusalem.[2]

Byen blei hærteken av farao Sheshonk I rundt 930 f.Kr. og deretter av filistarar og arabarar i 850 og Joash av Israel i 786 f.Kr.[2] Under kong Hiskija blei det reist ein ny bymur for den utvida byen og ein kanal frå Gihon-kjelda til Sjiloah. Babylonarane erobrar byen i 586 f.Kr. og la han i ruinar.[1] Jødane som hadde vore i fangenskap i Babylon kom tilbake i 538 f.Kr. og fekk etter nokre tiår løyve til å gjenreisa tempelet, trass motstand frå samaritanarar, og bymurane.[2]

Under ulike rike[endre | endre wikiteksten]

Mosaikk frå rundt 570 som viser Jerusalem.

Frå 300-talet f.Kr. styrte Aleksander den Store og seinare Ptolemear-dynastiet i Egypt byen. I 198 f.Kr. gjekk han over til Selevkideriket under Antiokos III.[2] Forsøk på å hellenisera byen, og særleg Antiokhos Epifanes sin vanvyrdnad for Tempelet, leidde til Makkabearopprøret i 167 f.Kr. som førte til opprettinga av eit sjølvstendig rike styrt av eit prestedynasti.[2]

I 63 f.Kr. erobra romarane leia av Pompeius byen.[2] Herodes den store blei konge for eit romersk klientrike med Jerusalem som hovudstad, og fekk oppført staselege gresk-inspirerte bygg som palass, eit nytt tempel med utvida murar, amfiteater, hippodrom og anna. I 66 gjorde jødane opprør mot romarstyret. Byen blei beleira av romarane i 70 og dei fleste bygningane, medrekna tempelet, lagt i grus under den framtidige keisaren Titus. I 132 braut det ut eit nytt jødisk opprør. Etter at det var slått ned, i 135, bestemte keisar Hadrian å grunnleggja ein romersk by her, Aelia Capitolina, der jødar ikkje hadde tilgang. Utforminga av den noverande byen ber preg av den romerske planlegginga.[2]

Jødar fekk venda tilbake til byen på 300-talet. På denne tida byrja også kristne pilgrimar å vitja han, og under Bysantinarriket blei namnet endra tilbake til Jerusalem.[2] Persarane erobra byen i 614 og muslimske arabarar i 637. Under kalif ʿAbd al-Malik ibn Marwān blei Klippemoskeen reist på Tempelhøgda. Byen var viktig som ein muslimsk heilagdom, men blei politisk mindre viktig då den arabiske hovudstaden blei flytta til Damaskus på midten av 700-talet.[2]

I 969 fekk Fatimide-kalifane i Egypt kontroll over byen. Under Umayyade- og Abbaside-styra hadde kristne og jødar gode kår i byen, men kalif al-Hakim gav ordre om at kristne heilagdommar skulle øydeleggjast. Byen blei erobra av seldsjukar i 1071, og rykte om deira harde framferd og deira stenging av pilgrimsruter førte til dei europeiske krosstoga. Byen blei teken av krossfararar i 1099, og jødar og muslimar massakrerte. I 1099-1187 var byen hovudstad for det kristne kongeriket Jerusalem.[2]

Saladin, som grunnla Ayyubidedynastiet, tok over makta i 1187 og restaurerte Klippemoskeen og al-Aqsa-moskeen. Det egyptiske Mamelukkdynastiet herska over Jerusalem frå 1244 til 1517, og stod for utforminga av mykje av Gamlebyen. Osmanarriket hadde makta frå 1517 til 1831, og bygde nye bymurar.[1]

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Tempelplatsen i sitt nuv. skick. Illustrasjon frå Nordisk familjebok (1904-1926)

Egyptarar leia av Ibrahim Pasha erobra byen i 1831, men osmanarane tok han tilbake i 1840. Europearane fatta igjen interesse for byen, og ei rekkje land oppretta konsulat der. Også jødar tok til å venda tilbake til byen i ein slags spirande sionisme. Osmanske styrker trekte seg ut frå byen i 1917, mot slutten av den første verdskrigen.[2]

Gågate i Vest-Jerusalem i 2008.

Storbritannia tok over styret av byen i 1917, og fram til 1948 var han administrasjonssenter for det britiske mandatområdet Palestina. 1947 tilrådde SN si generalforsamling som ledd i delingsplanen for Palestina at Jerusalem skulle etablerast som ein internasjonal sone under SN si forvalting, men dette blei ikkje gjennomført. Etter krigen 1948–49 blei byen delt mellom Jordan og Israel. I 1949 proklamerte Israel Jerusalem som hovudstad. Dette førde til protestar frå SN og mange land, som ikkje anerkjende proklamasjonen. Under krigen i 1967 okkuperte Israel resten av Jerusalem og erklærde at den jordanske delen av byen var integrert i israelsk område, noko som førde til nye protestar frå SN. Sidan 1967 har konflikten om Jerusalem vore eit kjernepunkt i Midtausten-konflikten. Israel har i praksis annektert Aust-Jerusalem, og inga israelsk regjering har vore villig til å oppgje byen. I Oslo-avtala frå 1993 utsette ein Jerusalem-spørsmålet, og seinare fredsforhandlinger har ikkje ført saka vidare. I 2000 sprakk forhandlingane i Camp David nettopp på statusen til Jerusalem. Om lag 170 000 israelarar bur i busetjingar innanfor dei illegalt utvida grensene til Aust-Jerusalem (berekna tal for 2005).[4]

bilettekst=Jerusalem med Klippemoskeen i forgrunnen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jerusalem

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Jerusalem - by i Israel» i Store Norske Leksikon
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 «Jerusalem.» Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.
  3. SNL/NBL
  4. «Jerusalem - moderne historie» i Store Norske Leksikon