Jerv
| Jerv | |
Jerv | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Status i Noreg: Utbreiinga av jerv | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
| Familie: | Mårfamilien Mustelidae |
| Slekt: | Gulo |
| Art: | Jerv G. gulo |
| Vitskapleg namn | |
| Gulo gulo | |
Jerv eller fjellfross (Gulo gulo) er eit rovpattedyr som høyrer til mårfamilien, og er det største mårdyret i Noreg.[2] Jerv finst i spreidde bestandar sirkumpolart i nordlege fjellområde.[3]
Jerven, som kan ha vege opptil 25 kg, er kraftbygd og sterk etter storleiken. Han går på heile solen av foten, noko som gjer det lettare for han å gå på overflata av snøen.[2] Bitet er kraftig slik at han kan ete frose kjøt og knuse knoklar frå store dyr for å få tak i beinmargen. Jerven kan drage med seg byttedyr fleire gonger større enn seg sjølv. Dei lagrar føda i myrhol, bekker osb. for vinteren.
Om vinteren har jerven rein som hovudføde, men lever også av åtsel, både det han finn og vinterlager han har lagt seg opp.[2] Sommardietten er meir variert, med fuglar, små og mellomstore pattedyr og plantar på menyen.
Raudlistevurdering
[endre | endre wikiteksten]Jerv (Gulo gulo) blir vurdert som sterkt truga EN fordi det er få reproduserande individ i Noreg.[1]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av jerv Gulo gulo for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022.
- 1 2 3 «jerv» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
Wiktionary-definisjonen på jerv- Registrerte jervkull i Norge
- Fakta om jerv
- (no) jerv hos Artsdatabanken
- (en) jerv – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) jerv i Catalogue of Life
- (en) jerv i Encyclopedia of Life
- (en) jerv i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) jerv hos Dyntaxa
- (en) jerv hos Fauna Europaea
- (en) jerv hos Fossilworks
- (en) jerv hos ITIS
- (en) jerv hos NCBI
- (en) Kategori:Gulo gulo – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons