Jerzy Neyman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jerzy Neyman
Jerzy Neyman2.jpg
Fødd16. april 1894
Bender
Død5. august 1981
Oakland i California
NasjonalitetPolen, USA
Områdematematisk analyse
Yrkematematikar, filosof, statistikar
InstitusjonarUniversity of California, Berkeley
University College London
Alma materUniversitetet i Warszawa
Universitetet i Kharkiv
DoktorgradsrettleiarWacław Sierpiński
MedlemRoyal Society
American Academy of Arts and Sciences
Polska Akademia Nauk
National Academy of Sciences

Jerzy Neyman (fødd Jerzy Spława-Neyman16. april 18945. august 1981) var ein polsk-amerikansk matematikar og statistikar som arbeidde det meste av livet sitt ved University of California i Berkeley.

Neyman arbeidde som statistikar ved University College i London frå 1924 til 1928 og frå 1934 til 1938. I mellomtida var han leiar for Det statistiske laboratoriet ved Institutt for eksperimentell biologi i Nencki i Polen. Frå 1938 var han professor i statistikk ved University of California, Berkeley. Han var ein av grunnleggarane av moderne matematisk statistikk med viktige bidrag til teorien for hypotesetesting, konfidensintervall og utvalsundersøking.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]