Jesús Ángel García

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jesús Ángel García
García Bragado en el 80 Campeonato de Cataluña Individual de Marcha en Ruta, el 12 de febrero de 2012.JPG
Fødd 17. oktober 1969
Madrid
Yrke friidrettsutøvar

Jesús Ángel García Bragado (fødd 17. oktober 1969) er ein spansk friidrettsutøvar frå Madrid som i 1993 vart verdsmeister i 50 kilometer kappgang. Han vann også VM-sølv 1997, 2001, 2009, EM-sølv 2006 og EM-bronse 2002. García deltok 1992-2016 i samtlege sju olympiske sommarleikar, han er den einaste friidrettsutøvaren som har vore med i så mange Sommar-OL.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

García vart nummer ti i sin internasjonale meisterskapsdebut på 50 km, som fann stad på spansk heimegrunn under Sommar-OL 1992 i Barcelona. Året etter gjekk han heilt til topps på distansen under verdsmeisterskapen i Stuttgart med tida 3.41.41. Der etter vart han fjerdemann i EM 1994 og femtemann i VM 1995.

To år seinare vann García sølvmedaljen ved VM 1997 i Aten, frågått med 13 sekundar av Robert Korzeniowski frå Polen. Dei neste sesongane klarte ikkje García hevde seg i dei største meisterskapane. Fyrst i 2001 var han tilbake i toppsjiktet på 50 km med sølvplassen under VM 2001 i Edmonton, atter var Korzeniowski hans overmann. I EM 2002 i München måtte García eitt steg ned på sigerspallen til bronseplassen, langt bak Korzeniowski og sølvmedaljør Aleksej Vojevodin frå Russland. Dei neste åra vart García nummer seks i VM 2003 og nummer fem i Sommar-OL 2004.

Etter å ha vorte diskvalifisert under VM 2005, kom han tilbake og vann sølvmedaljen ved EM 2006 bakom den nye meisteren på 50 km, Yohann Diniz frå Frankrike. Under dei olympiske leikane 2008 i Beijing kom García på fjerdeplass, langt bak medaljevinnarane. Etter fullført gange på 50 km ved VM 2009 i Berlin vart han tildelt bronsemedaljen, ein medalje som i 2015 vart omgjort til sølv då den opphavlege vinnaren, Sergej Kirdjapkin, fekk annullert sine prestasjonar frå den aktuelle perioden i 2009.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

García under eit europacupstemne i Murcia i 2015

Kjelder[endre | endre wikiteksten]