Jesper Johanson Nondal
| Jesper Johanson Nondal | |
| Fødd | 1992 (34 år) |
| Organisasjon | NRK |
Jesper Johanson Nondal (fødd i 1992) er ein norsk journalist og programleiar. Han har vore tilsett i NRK sidan 2020. Nondal er programleiar for podkasten Kjapt oppdatert og NRK Nyheter på NRK P3 og NRK mP3.[1]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Nondal er frå Sogndal kommune i Sogn i Vestland fylke. I heimbygda jobba han i Posten Norge AS i fleire år. Etter å ha fullført studiespesialisering ved Sogndal vidaregåande skule flytta han til Bergen for å studere ved Universitetet i Bergen i 2011. Ved sidan av studiane jobba han på Det Akademiske Kvarter.
I 2014 flytta Nondal tilbake til Sogndal for å studere historie. Han jobba også på Studentsamfunnet Meieriet i kommunen. Her hadde han blant anna ansvaret for å hyre inn artistar til ulike arrangement.[2]
Nondal flytta til Sunnmøre i 2017 for å ta ein bachelorgrad i journalistikk ved Høgskulen i Volda, innanfor radio- og lydjournalistikk. Under utdanninga var sogndølen involvert i fleire radioprogram på Volda studentradio.
Sogndølen starta sin journalistiske karriere i NRK P3nyheter i Trondheim i januar 2020. Han har vorte ei kjend stemme på NRK Nyheter på NRK P3 og NRK mP3, og i 2024 var han gjesteprogramleiar under maratonsendinga P3aksjonen.[3]
I 2024 blei Nondal ein av programleiarane i podkasten «Spør for en venn», saman med Lydia Torsvik Gieselmann og Tamanna Agnihotri.[4]. I 2025 gjekk han inn som programleiar i nyheitspodkasten «Kjapt oppdatert».[5] Han er også ein del av teamet som publiserer innhald på NRK Nyheter på Instagram.[6]
Priser og nominasjoner
[endre | endre wikiteksten]Nondal og NRK P3nyheter har vore nominert i kategorien «Årets beste nyhetsbulletin» fleire gonger. I 2025 var redaksjonen også nominert i kategorien «Årets beste nyhet- og aktualitet» med podkasten Kjapt oppdatert.[7]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Sæle, Renate (2025-03-02), «Jesper (32) må grytidleg opp for å servera nyheiter: – Me lever og åndar for dette», Sogn Avis (på norsk), henta 2026-03-20
- ↑ Hjetland, Geir Bjarte (2014-02-03), «Avhengig av dugnad», NRK (på norsk bokmål), henta 2026-03-20
- ↑ Sæle, Renate (2024-10-18). «Jesper skal ha maratonsending: – Eg vil visa at vestlendingar og bygdehomsar er gåvmilde folk». Sogn Avis (på norsk). Henta 2026-03-20.
- ↑ «Spør for en venn», NRK Radio (på norsk), henta 2026-03-20
- ↑ «Hvordan er Oscar-sjansene våre? - Kjapt oppdatert», NRK Radio (på norsk), henta 2026-03-20
- ↑ Sæle, Renate (2020-07-11). «Jesper (28) styrer instagramkontoen til NRK: – Eg sjekkar nynorsken ekstra nøye». Sogn Avis (på norsk). Henta 2026-03-20.
- ↑ «De nominerte til Prix Norge 2025», www.radionytt.no, henta 2026-03-20