Jessica Mauboy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jessica Mauboy

Fødd4. august 1989 (34 år)
FødestadDarwin i Australia
FødenamnJessica Hilda Mauboy
OpphavAustralia
Aktiv2004–
Sjangermoderne R&B, rhythm and blues, pop, dansemusikk
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
PlateselskapSony Music Entertainment Australia, Sony Music, Ministry of Sound
Verka somsongar, skodespelar, songar-låtskrivar, filmskodespelar, songtekstforfattar, plateartist
MorTherese Mauboy
FarFerdy Mauboy

Jessica Hilda Mauboy (fødd 4. august 1989 i Darwin[1]) er ein australsk songar, låtskriver og skodespelar. Ho syng hovudsakleg innan sjangrane pop og R&B.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Debuten[endre | endre wikiteksten]

Mauboy er fødd og oppvaksen i Darwin i Nordterritoriet, og i 2006 vart ho landskjent i Australia då ho deltok den fjerde sesongen av Australian Idol.[2] Mauboy kom på andreplass i talentshowet og sikra seg ein platekontrakt med Sony Music Australia. Etter Australian Idol gav Mauboy ut eit livealbum med fleire av sine framsyningar frå tevlinga, og i ein kort periode i 2007 var ho medlem av jentegruppa Young Divas. I 2008 gav Mauboy ut sitt debutalbum Been Waiting, som vart det nest mest selde australske albumet i 2009. Albumet vart sertifisert med dobbel platina av Australian Recording Industry Association (ARIA). Hovudsporet på albumet, «Burn», nådde òg fyrsteplassen på den australske singellista.

Det andre studioalbumet til Mauboy, Get 'EM Girls frå 2010, hadde ein meir tydeleg R&B-profil enn debutplata, og albumet resulterte i fire platina-klassifiserte singlar. Fleire songar frå tredjealbumet, Beautiful frå 2013, bringa ho òg fleire topp ti-plasseringar på den australske singellista.[2]

Film og tv[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til musikkarrieren har Mauboy òg drive med skodespel og hatt hovudroller i spelefilmar som Bran Nue Dae (2010) og The Sapphires (2012), som resulterte i ein AACTA-pris for beste birolle. I 2016 var Mauboy tilbake som skodespelar då ho hadde hovudrolla i tv-serien The Secret Daughter i to sesongar. Detta var den fyrste store tv-rolla til Mauboy, og rolla var skriven spesielt for ho. Parallelt med dette gav Mauboy ut to album med musikk frå serien, der det eine nådde førsteplass på ARIAs albumliste. Med dette vart Mauboy den fyrste artisten med aboriginsk bakgrunn til å nå fyrsteplassen på den australske albumlista.[3]

Suksess[endre | endre wikiteksten]

Listesuksessen har gjort Mauboy til ein av dei mest suksessrike kvinnelege artistar i Australia.[4][5] Ho har hatt fem album inne på topp ti på albumlista og 16 singlar inne på topp 20 på den australske singellista.[6][7] Mauboy har vunne to ARIA Music Awards frå 24 nominasjonar og vart rangert som nummer 16 på lista over dei hundre største australske songarar gjennom tidene i avisa Herald Suns. Mauboy har òg samarbeidd med store internasjonale artistar som Flo Rida, Snoop Dogg, Ludacris, Jay Sean og Pitbull. Ho har òg turnert med Beyoncé og Chris Brown, og ho òg opptredd ved store mediehendingar, blant anna då personlegdomar som Oprah Winfrey, Ellen DeGeneres og den amerikanske presidenten Barack Obama vitja Australia.[8][9]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Mauboy opptredde i pausen i den andre semifinalen under Eurovision Song Contest 2014, i 2018 representerte ho Australia i Eurovision Song Contest i Lisboa i Portugal.[10] Der enda ho som nummer 20 av 26 med songen «We Got Love».[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jessica Mauboy Top 5 Facts». Take 40 Australia. Arkivert frå originalen 2. mars 2011. Henta 14. august 2011. 
  2. 2,0 2,1 «Jessica Mauboy | Biography & History | AllMusic». Henta 25. januar 2018. 
  3. «Jessica Mauboy makes ARIA History». ARIA Charts. 22. oktober 2016. Henta 25. oktober 2016. 
  4. Safe, Georgina (22. september 2015). «Jessica Mauboy fuses art and fashion». Sunday Style. News.com.au. Arkivert frå originalen 13. september 2017. Henta 12. august 2016. 
  5. Dennehy, Luke (9. juli 2014). «Why hasn't The Voice produced a superstar? Take a look at the all-time best Aussie reality showstoppers». Herald Sun. Henta 12. august 2016. 
  6. «Jessica Mauboy» (på engelsk). Henta 25. januar 2018. 
  7. «Australian charts portal – Jessica Mauboy». Henta 25. januar 2018. 
  8. Jones, Gemma; Rehn, Alison (17. november 2011). «Live coverage: US President Barack Obama Down Under». The Daily Telegraph. Henta 12. juni 2015. 
  9. Paine, Chris; Killalea, Debra; Black, Simon (17. november 2011). «Live: Barack Obama in Australia – Day 2». news.com.au. Arkivert frå originalen 26. juni 2012. Henta 12. juni 2015. 
  10. Jordan, Paul (11. desember 2017). «Jessica Mauboy to represent Australia in 2018!». eurovision.tv. 
  11. «Australia – Eurovision Song Contest». Henta 14. mai 2018.