Jessica av The Allman Brothers Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jessica
av The Allman Brothers Band
frå albumet Brothers and Sisters
B-side «Come and Go Blues»
Utgjeve Desember 1973
Innspelt Desember 1972
Sjanger
Lengd 7:28
Selskap Capricorn 0036
Låtskrivar(ar) Dickey Betts
Produsent
The Allman Brothers Band-kronologi
«Ramblin' Man»
(1973)
Jessica «Nevertheless»
(1975)


«Jessica» er eit instrumentalt stykke av det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band, gjeve ut i desember 1973 som den andre singelen frå det fjerde studioalbumet deira, Brothers and Sisters (1973). Songen vart skriven av gitaristen Dickey Betts og var ein hyllest til sigøynerjazz-gitaristen Django Reinhardt, sidan han vart skriven for å berre spelast med to fingrar på venstre handa.

Betts skreiv det meste av «Jessica» på garden til bandet i Juliette i Georgia. Han kalla stykket opp etter dottera, Jessica Betts, ssom var spedbarn då songen kom ut. Ho hadde hoppa opp og ned til rytmen i songen og Betts prøvde å fange haldninga hennar i melodien. Han inviterte med seg gitaristen Les Dudek til å samarbeide på stykket, og Dudek skreiv mellomspelet. Arrangementet vart laga før innspelinga, som fann tad i Capricorn Sound Studios i Macon i Georgia.

Songen vart gjeven ut på singel etter den store suksessen dei hadde hatt med «Ramblin' Man», men «Jessica» vart ikkje ein like stor suksess. Trass i dette vart han mykje spelt på radio. Kritikarane har ofte vore særs positive og kalla det høgdepunktet på albumet, og i 2006 omtalte Wall Street Journal songen som «eit sant nasjonalt arvestykke».

Songen er blitt særs kjend som kjenningsmelodien til bilprogrammet Top GearBBC Two

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Canada Top Singles (RPM) 35
Canada Adult Contemporary (RPM) 68
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[1] 29
US Billboard Hot 100[2] 65
US Easy Listening (Billboard)[3] 29

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Nederlandse Top 40 – The Allman Brothers Band search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 27. april 2014.
  2. "Allman Brothers Band?f=379&g=Singles The Allman Brothers Band Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Allman Brothers Band. Prometheus Global Media. Henta 27. april 2014.
  3. «Easy Listening». Billboard (New York City: Prometheus Global Media) 86 (10): 31. March 9, 1974. ISSN 0006-2510.