Jesu atterkome

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jesu gjenkomst)
Gresk ikon av Jesu atterkome frå rundt 1700

Jesu atterkomme er ei førestilling innan kristendom, islam, bahai og messiansk jødedom som inneber at Jesus kjem til å venda tilbake til jorda i si gudommelege form etter himmelferda si for rundt 2000 år sidan. Førestillinga byggjer på Messias-profeti, og blir vanlegvis knytt til førestillinga om den endelege dommen over verda, men kan ha mange tolkingar. Omgrepet er sentralt innan den kristne eskatologien, og er ofte avbilda i kunst.

Ein finn underbygging for trua om Jesu atterkome i evangelia (Matt. 24–25; Mark. 13; Luk. 21:5–26; Joh. 14:25–29) og i Johannes' openberring, eldre bibelstader og i ulike overleveringar.[1]

Ein del trur at atterkomet vil skje heilt bokstavelig, og at Jesus vil koma tilbake synleg for alle. Nokre trur på bortrykking, og at Gud vil ta dei kristne til seg medan andre blir verande tilbake på jorda. Atterkomet vil så finna stad etter dette. Ikkje alle kristne meiner at Jesu atterkome vil vera synleg. Ifølge synet kjend som preterisme fann atterkomet stad allereie då Jesus var på jorda.

Terminologi[endre | endre wikiteksten]

Det Nye Testamentet bruker det greske ordet epiphaneia (ἐπιφάνεια) fem gonger om Jesu atterkome.[2]

I Det greske Nye Testamenet (Novum Testamentum Graece) opptrer det greske ordet parousia (παρουσία, 'kome' eller 'tilstadevere') tjuefire gongar, sytten av dei om Jesus. I 1908 viste Gustav Adolf Deissmann at parousia blei brukt så tidleg som på 200-talet f.Kr. for å visa til hendingar der ein konge eller høgståande person vitja ein by med ei framsyning av stordom.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Second Coming | Definition & Gospels», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 20. desember 2020 
  2. «Greek Lexicon :: G2015 (KJV)». Blue Letter Bible. 
  3. Gustav Adolf Deissmann (1908). Light from the Ancient East:The New Testament Illustrated by Recently Discovered Texts of the Graeco-Roman World.