Jesus, eg hjarteleg lengtar å smaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Jesus, eg hjarteleg lengtar å smaka» er Elias Blix si omsetjing av den tyske salmen «Jesus-Sophia! ich such und verlange», med tekst kreditert J.L.C. Allendorf, [1] på norsk mest kjend etter Peder J. Hygom si danske omsetjing: «Jesus, din søde forening at smage».

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Lat meg ei Trældom med Bokstaven driva,
Som gjerer utanpaa fager og fin.
Men i mitt Hjarta di Log maa du skriva,
So eg i sanning kann kalla meg din!

Frå fjerde verset etter Blix, 1891

Salmen vart første gongen trykt på tysk i 1712, i salmeboka Anmuthiger Blumenkranz aus dem Garten der Gemeinde Gottes, in sich fassend allerhand göttlichen Gnaden- und Liebeswirkungen, ausgedrückt in geistlichen lieblichen Liedern zum Dienst der Liebhaber des Lobes Gottes gesammelt. Salmeboka vart bruka i eit såkalla filadelfisk samfunn, ei frikyrkjeleg kyrkjelyd som skulle vere for sanne, gjenfødde kristne. Førebiletet var kyrkjelyden i Filadelfia, i motsetnad til statskyrka med sitt «sardiske babel». Forfattaren var anonym i denne salmeboka, men han var namnsett i salmeboka Einige Geistreiche Lieder som kom ut i 1733.

Salmen vart omsett til dansk av Peder J. Hygom og trykt i Pontoppidans salmebok i 1740. Han kom også med i Guldbergs salmebok , i Christiania-tillegget og i Landstads kirkesalmebog. I 1869 vart han trykt i fyrste utgåva av Elias Blix’ Nokre Salmar , under tittelen «Jesu! din Samfund i Anden at smaka». I 1891 vart han trykt i fjerde utgåva av Nokre Salmar i ny omsetjing. Blix si omsetjing bygger på den danske teksten til Hygom.

Salmen er trykt i Norsk Salmebok på nr 641, her i ein nedkorta versjon som byggjer på Hygom si omsetjing.

Salmen i norsk kristenliv[endre | endre wikiteksten]

Salmen vart sentral i den pietistiske vekkingsrørsla. Mest kjend er soga om Hans Nielsen Hauge som arbeidde på marka medan han song på denne salmen:

Styrk mig ret kraftig i sielen derinde,
At jeg kan finde, hva aanden formaaer,
Tag til din fange min tale og sinde,
Led mig og lok mig, saa svag som jeg gaaer.
Mig og hva mit er jeg gierne vil miste,
Naar du allene i sielen maae boe,
Og sig omsider paa døren maa liste,
Hvad som forstyrrer min inderlig’ roe.

Han fortalde sidan at då han hadde sunge dette andre verset av salmen, vart sinnet lyfta opp til Gud, så han ikkje kunne sanse seg, som om han var utanfor seg sjølv. Då han omsider fekk samla seg att, var han overtydd om at ikkje noko i verda var verd å akte, no som han hadde hatt besøk av Guds kjærleik.

Eg vil med Kvinna fraa Kanaan fara,
Ropande til deg og vert ikkje still,
Fyrr du paa Bøni umsider maa svara:
Amen, ja Amen, dert vert som du vil!

Frå sjuande verset etter Blix, 1891

I siste verset vert kvinna frå Kanaan halde fram som eit førebilete, fordi ho utrøytteleg bad til Jesus.

Melodien[endre | endre wikiteksten]

Noter til salmen frå Schiørrings utgåve av Guldbergs salmebok (1783)

Salmen fekk sin eigen melodi, og frå Danmark vart tonen kjend i Noreg gjennom Niels Schiørrings koralbok frå 1781. Melodien vert tilskriven komponisten Johann B. König, 1738.[2] Sidan er tonen omforma til mange folketonevariantar. I Norsk salmebok står salmen til ein folketone frå Gudbrandsdalen, men ein tone frå Ryfylke (nr 249) vert òg mykje bruka.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Opplyst i Norsk salmebok nr 641, men identifikasjonen er usikker
  2. FUKs nodebibliotek

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]