Jevdokija Meksjilo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jevdokija Meksjilo
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 23. mars 1931
Gorno-Altajsk
Død

16. januar 2013 (81 år)
St. Petersburg

Yrke langrennsløpar
Høgd 161 centimeter

Jevdokija Pantelejevna Meksjilo[a] (23. mars 193116. januar 2013) var ein sovjetisk langrennsløpar frå Gorno-Altajsk i republikken Altaj i Russland. Ho vart olympisk meister under vinter-OL 1964 i Innsbruck, der ho var med på det sovjetiske laget som vann 3x5 km stafett for kvinner. I same leikane tok ho sølv på 10 km.

Meksjilo fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i ski-VM 1958 i Lahti. Ho deltok for Sovjetunionen på 10 km og vart nummer åtte. Fire år seinare kom ho på sjetteplassen på den halve distansen under verdsmeisterskapen i Zakopane. Under dei olympiske vinterleikane i Innsbruck nådde ho toppen som skiløpar. I den fyrste langrennstevlinga for kvinner, 10 km, var ho nær ved å vinne OL-gull. Med tida 40.26,6 kom Meksjilo i mål 2,3 sekundar bak landsmannen Klavdija Bojarskikh, og måtte nøye seg med sølvmedalje. Deretter vart ho nummer fire på 5-kilometeren, før ho gjekk andreetappen for Sovjetunionen sitt suverene vinnarlag i 3x5 km stafett. Saman med Alevtina Koltsjina på opningsetappen og Klavdija Bojarskikh på ankeretappen syrgde ho for at sovjetlaget var i mål over to minuttar føre sølvvinnarane frå Sverige. Meksjilo deltok i sitt siste verdsmeisterskap på ski i 1966. I løypene i Holmenkollen vart ho nummer fire i begge dei individuelle tevlingane.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Евдокия Пантелеевна Мекшило

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.