Jevgenij Arzjanov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jevgenij Arzjanov


Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 9. februar 1948 (76 år)
Kalusj
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972, EM i friidrett 1971, EM i friidrett innendørs 1970, EM i friidrett innendørs 1971, Sommar-OL 1968, athletics at the 1973 Summer Universiade

Utmerkingar

Ærestegnets orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Jevgenij Aleksandrovitsj Arzjanov (fødd 22. april 1948) er ein tidlegare mellomdistanseløpar frå Kalusj i Ukraina. Han vart europameister på 800 meter i 1971 og vann OL-sølv 1972 som representant for Sovjetunionen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

OL-sesongen 1968 sette Arzjanov personbeste med 1.47,2. Han kvalifiserte seg til semifinale i sommarleikane i Mexico-byen, stilte likevel ikkje til start. Året etter vart han fjerdemann på distansen ved EM i Aten på tida 1.47,1. Våren 1970 vann han i Wien ein klar siger på 800 meter i det fyrste offisielle innandørs-EM. Den 2. juli 1970 forbetra Arzjanov i Kiev den sovjetiske rekorden på distansen med sju tidels sekund til 1.45,5, ei tid heilt i verdstoppen. I innandørs-EM 1971 i Sofia var han i ei heilt eiga klasse og vann på 1.48,7.

Under europameisterskapen 1971 i Helsinki sigra Arzjanov på 1.45,6, med austtyske Dieter Fromm 0,4 sekund bak. OL-sesongen 1972 forbetra Arzjanov ved eit stemne i Moskva den 17. august sovjetrekorden til 1.45,3, hans livs beste løp. Han var største favoritten til OL-gullet på 800 meter to veker seinare, og tok på sisterunda leiinga i finaleløpet. Kort før mål låg han enno i tet, for så å verte passert av Dave Wottle frå USA straks før mållinja. Etter eit løp på 1.45,89 måtte Arzjanov så seg slått med 0,03 sekund.

I 1973 vann Arzjanov 800-meteren i universiaden på 1.46,88. Han vart elles sovjetmeister på 800 meter i 1970, 1971 og 1973.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]