Jevgenij Baratynskij
| Jevgenij Baratynskij | |
| Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
| Fødd | 19. februar 1800 Mara i Tambov guvernement |
| Død |
11. juli 1844 (44 år) |
| Yrke | lyrikar |
| Far | Abram Baratynsky |
| Ektefelle | Anastasiya Baratynskaya |
| Born | Lev Baratynsky, Nikolay Baratynsky, Q139853839 |
![]() | |
| Jevgenij Baratynskij på Commons | |
Jevgenij Abramovitsj Baratynskij (2. mars 1800–11. juli 1844) var ein russisk offiser, skribent og lyrikar.
Baratynskij var fødd i Mara i Tambov guvernement (Tambov oblast). Under eit opphald i Finland gav Baratynskij i 1824-26 ut det lyriske verket Eda, deretter stadfesta han sitt ry med Ballet (1825–28). I 1842 kom Sigøynerska, hovudverket hans som er ei skildring av elitesjiktet i det russiske samfunnet. Diktinga til Baratynskij er prega av romantiske motiv som kjærleikssvik, sjalusi og selvmord. Han skreiv i ein nøktern stil og skildringa av ulike miljø er røyndomsnær.
Han døydde i Napoli under ei lengre utanlandsreise.
Litteraturvitaren Geir Kjetsaa kom i 1977 ut med boka Jevgenij Baratynskij. Stjernen, der han skriv om forfattaren og sjølv har gjendikta eit tjuetals lyriske arbeid.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jewgeni Abramowitsch Baratynski» frå Wikipedia på tysk, den 19. oktober 2019.
