Jevgenij Beljajev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jevgenij Beljajev
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 20. mars 1954
Kirovsk
Død

15. mars 2003 (48 år)

Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Ski-VM 1978

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen, Ærestegnets orden

Jevgenij Prokopjevitsj Beljajev (20. mars 195415. mars 2003) var ein russisk langrennar frå Kirovsk i Murmansk oblast som tevla for Sovjetunionen. Han vann OL-gull i 4 x 10 km stafett i 1980, OL-sølv på 15 km i 1976, to sølvmedaljar i Ski-VM 1978, samt stafett-bronse i 1976.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Beljajev slo gjennom i 1975-sesongen med tredjeplassar på tremila i Falun og på 15 km i Lahti. Under vinterleikane 1976 i Innsbruck vann han sølvmedaljen på 15 km, 2,7 sekundar bak landsmannen Nikolaj Bazjukov, og gjekk fyrsteetappen for Sovjetunionen sitt bronselag i 4 x 10 km stafett. Seinare i OL-sesongen vart han nummer to på 15 km i Lahti, over halvminuttet bak Juha Mieto. I 1977 vart han nummer seks på 30 km i Falun.

Til liks med OL 1976 vart Beljajev andremann på 15 km då Ski-VM 1978 vart arrangert i Lahti, polske Józef Łuszczek overraska stort og vann med ein margin på 2,3 sekundar til Beljajev. Ei lita veke seinare vann Beljajev ein ny sølvmedalje då han på femmila måtte sjå seg slått av svenske Sven-Åke Lundbäck.

Under Vinter-OL 1980 i Lake Placid gjekk Beljajev inn til femteplass på 15 km, før han gjekk tredjeetappen for Sovjetunionen i 4 x 10 km stafett. Saman med Vasilij P. Rotsjev, Nikolaj Bazjukov og Nikolaj Zimjatov syrgde han for at det vart olympisk gullmedalje. Til sist i leikane vart han nummer seks på 50-kilometeren.

Beljajev vart nummer tre på 15 km i Lahti i 1981, klart slått av nordmennene Oddvar Brå og Ove Aunli.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar