Jevgenij Grisjin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jevgenij Grisjin
Yevgeny Grishin 1964.jpg
Fødd 23. mars 1931
Tula
Død

9. juli 2005
Moskva

Yrke skøyteløpar, banesyklist
Jevgenij Grisjin på Commons
Grisjin på russisk frimerke frå 2013

Jevgenij Romanovitsj Grisjin (23. mars 19319. juli 2005) var ein russisk skeiseløpar frå Tula som representerte Sovjetunionen. Han vann til saman fire olympiske gullmedaljar og vart i 1956 europameister på skeiser.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Grisjin kom på tredjeplass ved skeise-VM 1954 i Sapporo. I januar 1955 sette han verdsrekord på 1500 meter med 2.09,8 og på 1000 m med 1.22,8, begge rekordane oppnådd på Medeo-bana ved Alma Ata.

Ol-sesongen 1956 byrja med at Grisjin vann europameisterskapen 1956 i Helsinki framfor norske Knut Johannesen. Før Vinter-OL 1956 tok til i Cortina d'Ampezzo sette han verdsrekord på OL-isen på 500 meter med tida 40,2 sekundar. Under sjølve vinterleikane tangerte han rekorden då han vann sitt fyrste OL-gull. To dagar seinare tok han sitt andre gull då både han og landsmannen Jurij Mikhailov fekk notert verdsrekordtida 2.08,6 på 1500 meter. Han avslutta OL-sesongen med ein tredjeplass ved VM 1956 i Oslo.

Under dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley i USA, kopierte Grisjin OL-triumfane frå 1956. Vinnartida på 500 meter var den same som i 1956, før han på 1500 meter på ny delte sigeren med ein konkurrent, ved det høvet norske Roald Aas.

Den 27. januar 1963 vart Grisjin fyrstemann i verda til å gå 500-meteren fortare enn 40 sekunder i eit godkjent stemne. På Medeo-bana vart han då klokka inn på 39,6, men dagen etter forbetra han rekorden til 39,5, ein verdsrekord som stod i fem år.

Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck fekk Grisjin ein sølvmedalje på 500 meter, slått med eit halvt sekund av Richard McDermott frå USA. Han deltok også i Vinter-OL 1968 i Grenoble, der han kom på fjerdeplass på spesialdistansen.

Grisjin døydde i Moskva, 74 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]