Jevgenija Medvedeva-Arbuzova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jevgenija Medvedeva-Arbuzova


Jevgenija Medvedeva-Arbuzova i 2009

Statsborgarskap Russland
Fødd 4. juli 1976 (47 år)
Kondopoga
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2010, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – women's 4 × 5 kilometre relay, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – women's 15 kilometre pursuit, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009

Utmerkingar

Æresordenen

Jevgenija Vladimirovna Medvedeva-Arbuzova (fødd 4. juli 1976) er ein russisk tidlegare langrennar frå Kondopoga. Ho vann OL-gull i stafett med Russland i 2006 og to medaljar i individuelle OL-/VM-tevlingar.

Jevgenija Arbuzova debuterte i verdscupen i langrenn i 1997, men bortsett frå eit par pallplasseringar i ulike stafettevlingar, måtte ho vente til 2004/05-sesongen før ho individuelt kunne kjempe heilt i verdstoppen. Etter ein tredjeplass på 15 km i Ramsau am Dachstein tidleg i den sesongen, vann ho i februar 2005 sin einaste siger då ho i tyske Reit im Winkl triumferte i eit verdscuprenn over 10 km fristil.

Medvedeva-Arbuzova var med på det russiske stafettlaget som tok sølv ved Ski-VM 2005 i Oberstdorf. Under Vinter-OL 2006 i Torino parkerte ho norske Kristin Steira på oppløpssida og gjekk inn til bronsemedalje på 15 km dobbelstart. Toppen kom likevel seks dagar seinare, då ho, etter Natalja Baranova-Masalkina, Larisa Kurkina og Julija Tsjepalova hadde teke seg av dei tre fyrste etappane, som ankerkvinne gjekk Russland inn til OL-gull i 4 x 5 km stafett, ti sekundar framom det tyske sølvmannskapet.

Under Ski-VM 2009 i Liberec sikra Medvedeva-Arbuzova seg sølvmedaljen i 30 km fellesstart, etter å ha vunne innspurten mot fire andre utøvarar. Ho la opp etter 2010-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]