Jevgenija Setsjenova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Jevgenija Setsjenova
Yevgeniya Sechenova, Fanny Blankers-Koen, Dorothy Manley 1950.jpg
Jevgenija Setsjenova til venstre, saman med Fanny Blankers-Koen og Dorothy Manley etter 200 meter ved friidretts-EM 1950
Fødd 17. august 1918
Sevastopol
Død

25. juni 1990
Moskva

Jevgenija Setsjenova på Commons

Jevgenija Ivanovna Setsjenova (17. august 1918–juni 1990) var ein friidrettsutøvar frå Sevastopol som representerte Sovjetunionen. Ho vann to gullmedaljar og like mange sølv- og bronsemedaljar i europameisterskap i friidrett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Setsjenova vann både 100 meter og 200 m under EM i friidrett 1946 i Oslo. I begge tevlingane kom britiske Winifred Jordan på andreplass, høvesvis tre og to hundredels sekund bak. Setsjenova avslutta meistersskapen med å springe den fyrste etappen på Sovjetunionen sitt bronselag i 4 x 100 m stafett.

Også under EM i friidrett 1950 i Brussel vann Setsjenova ein bronsemedalje på den korte stafetten. På dei individuelle sprintdistansane måtte ho sjå seg slått av Fanny Blankers-Koen som var i ei klasse heilt for seg, seks og åtte tidels sekund framom sølvvinnar Setsjenova på høvesvis 100 m og 200 m.

Setsjenova deltok i Sommar-OL 1952. Ho vart slått ut or semifinalane på 200 m, tida 25,2 tilsvarte ein tiandeplass, og ho vart nummer fire med Sovjetunionen i 4 x 100 m stafett.

Setsjenova vart sovjetmeister på 100 m i 1940, 1946-47 og 1949-50. Ho vann det nasjonale gullet på 200 i 1939-40, 1944 og 1949. Setsjenova sette begge sine personlege rekordar, 11,8 på 100 m og 24,7 på 200 m, i 1951-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]