Jezebel av The Rasmus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Jezebel»
Song av The Rasmus

Land Finland
Språk Engelsk
Utgjeve 18. januar 2022
Sjanger Rock
Lengd 03:10
Selskap Playground Music
Komponist Lauri Ylönen, Desmond Child
Tekstforfattar Lauri Ylönen, Desmond Child
Låtskrivar(ar) Lauri Ylönen, Desmond Child

«Jezebel» er ein song frå 2022 med den finske rockegruppa The Rasmus. Låten vart gjeven ut 18. januar 2022 og er skriven av vokalisten i bandet Lauri Ylönen, saman med den mangeårige produsenten til The Rasmus, Desmond Child.[1] Songen vann songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest, og var dimed det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2022.[2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Låtskrivaren Ylönen har forklart at songen «handlar om ei jente som tek det ho vil ha, utan å spørje, som ei fri sjel».[3] Det er også ei hylling til «sterke kvinner, som er stolte over kroppen sin, bestemmer over eigen sensualitet og seksualitet, og som er fast bestemt på å vere likeverdige».[3] Songtittelen viser til Jesabel, ein bibelsk skikkelse som var dronninga av Israel.[4]

The Rasmus hadde lenge hatt planar om å delta i Uuden Musiikin Kilpailu, det finske svaret på Melodi Grand Prix, men gruppa meinte dei ikkje hadde riktig låt. Foran 2022-tevlinga, kom dei i kontakt med den amerikanske musikkprodusenten og musikaren Desmond Child. The Rasmus har tidlegare jobba med Child på 2008-albumet Black Roses, og dei kalla det «rått» å få jobbe saman med han igjen. «Han veit å setje saman ein hitsong», sa bandet ved utgjevinga av songen.[3]

«Jezebel» var ein av deltakarlåtane i Uuden Musiikin Kilpailu 2022, der han vann ein klår siger. Som vinnar av tevlinga vart han det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[2] «Jezebel» deltok på og opna den andre semifinalen torsdag 12. mai 2022. Han gjekk til finalen, og vart nummer 21 av 25 med 38 poeng.[5]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2022) Høgaste
plassering
Flagget til Finland Finland (Suomen virallinen lista)[6] 4
Flagget til Litauen Litauen (AGATA)[7] 24
Det britiske flagget Storbritannia (UK Download (OCC))[8] 34
Flagget til Sverige Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[9] 7
Det tsjekkisk flagget Tsjekkia (Rádio – Top 100)[10] 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Listen to The Rasmus' Eurovision entry bid and new single 'Jezebel'». NME (på engelsk). 17. januar 2022. Henta 28. februar 2022. 
  2. 2,0 2,1 «The Finnish flag will be flown by The Rasmus at Eurovision in Turin 🇫🇮». Eurovision.tv (på engelsk). 26. februar 2022. Henta 28. februar 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Blabbermouth (17. januar 2022). «THE RASMUS Releases New Single 'Jezebel'». BLABBERMOUTH.NET. Henta 28. februar 2022. 
  4. Groth, Bente (9. juli 2021). «Jesabel». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Henta 28. februar 2022. 
  5. «The Rasmus - Finland - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  6. «The Rasmus – Jezebel». Suomen virallinen lista (på finsk). Henta 27. februar 2022. 
  7. «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 22. mai 2022. 
  8. «Official Singles Downloads Chart Top 100 20 May 2022–26 May 2022». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. 26. mai 2022. Henta 19. juni 2022. 
  9. «Veckolista Heatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 19. juni 2022. 
  10. «CZ - RADIO - TOP 100 RASMUS Jezebel». hitparada.ifpicr.cz. ČNS IFPI. Henta 16. mars 2022.