Jezioro Słupeckie
Utsjånad
Jezioro Słupeckie | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | reservoar | ||
Lengd | 3,6 km | ||
Breidd | 0,9 km | ||
Areal | 2,58 km² | ||
Største djupn | 2,5 m | ||
![]() Jezioro Słupeckie 52°18′28″N 17°54′00″E / 52.3078°N 17.9°E | |||
Wikimedia Commons: Jezioro Słupeckie |
Jezioro Słupeckie er ein kunstig innsjø i Polen som vart danna i 1955 i ei tidlegare torvmyr som eit fritidsområde. Han har eit areal på 2,58 km², er 3,6 km lang og 0,9 km brei. I sør ligg byparken Słupca, eit amfiteater, ein skytebane og to stadium. Innsjøen får vatn frå elva Meszna, og ligg utanfor byen Słupca. Dei seinare åra har byen utvikla seg kraftig på grunn av nærleiken til byen Poznań, og derfor har det byrja å dukka opp hus rundt innsjøen.
Tidlegare var innsjøen ein populær badeplass, men dei seinare åra er vatnet vorte for forureina til dette.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Słupca Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2008.
Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |