Jezreeldalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°35′47″N 35°14′31″E
Jezreeldalen
dal
JPF-Jezreel Valley and Mount Tabor.JPG
Jezreeldalen og Tabor
Land Flag of Israel.svg Israel
Koordinatar 32°35′47″N 35°14′31″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jezreel Valley

Jezreeldalen (hebraisk עמק יזרעאל, Emek Yizra'el, arabisk مرج إبن عامر, Marj Ibn Amer) er ei stor frodig slette og ein innlandsdal sør for Nedre Galilea i Israel. Det samariske høglandet og Gilboafjellet grensar til dalen i sør og i nord ligg dei israelske byane Afula og Tiberias. I vest ligg Karmelberget og i aust Jordandalen.

Jezreeldalen

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Jezreeldalen er kalla opp etter den antikke byen Jezreel (på arabisk kalla Zir'in (زرعين)) som låg på ein låg ås oppom sørenden av dalen.[1] Ordet Jezreel kjem frå hebraisk, og tyder «Gud sår».[2] Jezreeldalen vart som namn stundom nytta om den sentrale delen av dalen, kring byen Jezreel, medan den sørvestlege delen av dalen vart kalla Megiddodalen, etter den gamle byen Megiddo, som låg der. Området har òg blitt kalla Esdraelonsletta (Esdraelon er den greske varianten av Jezreel).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dalen var kanskje tidlegare ein kanal der Daudehavet, som ligg søraust for dalen, var knytt til Middelhavet via. For kring to millionar år sidan, steig landområdet mellom Middelhavet og Jordandalen, og denne kanalen forsvann, og dei periodiske flaumane frå Middelhavet stoppa. Dette førte til at Daudehavet ikkje lenger hadde noko tilgang til havet og på grunn av større fordamping enn tilførsel av ferskvatn, har det vorte særs salt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bibelsk tid[endre | endre wikiteksten]

Mosaikk frå ei synagoge frå 500-talet i Beit Alpha. Det vart oppdaga i 1928.
Utsyn frå Gilboafjellet

Av bibelske byar i Jezreeldalen finn ein Jezreel, Megiddo, Beit She'an Shimron og Afula. Arkeologiske utgravingar indikerer nær kontinuerleg busetnad frå Ghassulien-kulturen i kalkolittisk tid (ca. 4500–3300 fvt.) til ajjubidane på 1000-1200-talet.[3] Den bibelske byen Ophrah, er identifisert i Domarane som heimstaden til Gideon.[4]

Dalen dannar ei lettare rute gjennom Levanten enn å krysse fjella på kvar side, og hadde derfor stor trafikk, og var åstad for mange historiske slag. Det første kjende slaget var slaget ved Megiddo. På grunn av det kringliggande terrenget kunne egyptiske stridsvogner berre reise frå Egypt og så langt som til Jezreeldalen og dalen nord for Hulasjøen.

I følgje Bibelen sigra israelittane, leia av Gideon, mot midjanittane, amalekittane og folka frå aust i denne dalen,[5] men var seinare staden der israelittane, leia av kong Saul, vart slått av filistrane.[6] I følgje bibelforskarar kjem soag om sigeren til filistrane ved Jezreel frå monarkkjelda, og ikkje republikanarkjelda, som plasserer sigeren til filistrane mot israelittane ved Gilboafjellet.[7][8] I kristen eskatologi er delen av dalen der slaget ved Megiddo vart utkjempa trudd å vere avgjort som staden der det nest siste slaget mellom det gode og det vonde finn stad (det siste slaget finn stad 1 000 år seinare i Jerusalem),[9] kjend som Armageddon (eit ord som kjem frå Megiddo).

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1852 reiste den amerikanske forfattaren Bayard Taylor gjennom Jezreeldalen, som han skildra i boka si The Lands of the Saracen; or, Pictures of Palestine, Asia Minor, Sicily and Spain frå 1854 som: «eit av dei rikaste distrikta i verda.»[10] Laurence Oliphant, som vitja 'Akko sanjak' i 1887, som då var ein provins under 'Beirut wilayah',[11] skreiv at Esdraelondalen (Jezreel) var «ein enorm grøn innsjø av bølgjande kveite, med landsbyar som stikk opp av det grøne avet som øyar, og presenteret eit av dei vakraste bileta på frodig landskap som ein kan tenkje seg.»[12]

Tårnhuset i Zir'inborga i 1880-åra.

I 1870-åra kjøpte familien Sursock frå Beirut (dagens Libanon) landområde frå den osmanske regjeringa for kring £20 000. Mellom 1912 og 1925 selde Sursock (då under Det franske mandatet i Syria) det 320 km² store landområdet deira i Jezreeldalen til American Zion Commonwealth for nesten 750 000 pund. Landområdet vart kjøpt av den jødiske organisasjonen for å flytte inn jødar der, i tillegg til andre som kom frå fjerntliggande område[13] og Jewish National Fund.[14]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Etter at landområdet var seld til American Zion Commonwealth, vart somme av dei arabiske bøndene som budde i nærliggande landsbyar og som hadde arbeidd for landeigarane kasta ut. Trass i salet, nekta somme av bøndene å reise derfrå, som i Afula (El-Ful),[15] men dei nye eigarane meinte det var upassande for desse bøndene å bli verande som leigebønder på landområde meinte for jødisk arbeidskraft. Dette var ei vanleg kjensle blant dei jødiske innbyggjarane, ein del av den sosialistiske ideologie Yishuv, som inkluderte at dei sjølv skulle arbeide i landet, enn å vere fråverande grunneigarar. Britisk politi måtte brukast til å utvise nokre, og dei forviste måtte kome seg til kysten for å søke etter nytt arbeid og dei fleste enda opp i slumbyar i utkanten av Jaffa og Haifa.[16]

Nordlege Jezreeldalen og Karmelberget, sett frå Haifa.

Etter landområdet var kjøpt, skapte dei jødiske bøndene dei første moderne busetnadane, og grunnla den moderne byen Afula og drenerte myrområda for å utnytte landområdet ytterlegare. Den første moshaven, Nahalal, vart grunnlagd i dalen her den 11. september 1921.

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Jezreeldalen er ein grøn, frodig dal dekt av sletter med kveite, bomull, solsikke og mais, i tillegg til beitemarker for sau og kyr. Området er i dag ein del av Jezreeldalen regionale kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cheyne and Black, Encyclopedia Biblica
  2. ibid
  3. Israel Handbook by Dave Winter, Footprint Travel Guides, ISBN 0-658-00368-2 ([1]
  4. «Judges of the Jezreeldalen». GemsinIsrael. Henta 5. oktober 2014. 
  5. Domarane 6,3
  6. Første Samuelsbok 29:1–6
  7. Første Samuelsbok 28:4
  8. Første Samuelsbok 31:1–6
  9. Eric H. Cline, Assistant Director US, Tel Megiddo Expedition
  10. Bayard Taylor. (3. februar 2004). «The Lands of the Saracen, by Bayard Taylor». Gutenberg.org. Henta 5. oktober 2014. 
  11. "Palestinim, Am Behivatsrut," by Kimmerling, Baruch, and Joel S. Migdal – Keter Publishing, ISBN 965-07-0797-2
  12. Abu-Lughod, Ibrahim (1971). (Ed)., The Transformation of Palestina. Illinois: Northwestern Press. s. 126.
  13. Safarix.com, pg. 49
  14. «Via Maris, by Avi Hein». Jewish Virtual Library. Henta 5. oktober 2014. 
  15. «Buying the Emek by Arthur Ruppin, 1929 (with an introduction)». sionisme-israel.com. Henta 5. oktober 2014. 
  16. Nevill Barbour: Nisi Dominus: A Survey of the Palestina Controversy. George G. Harrap, London 1946, s. 117–118
    • Polk, Stamler, Asfour: Backdrop to Tragedy: The Struggle for Palestina. Beacon Press, Boston, 1957, s. 237–238.
    • The above two books are quoted in David Gilmour: Dispossessed: the Ordeal of the palestinarar. Sphere Books, Storbritannia, 1983, s. 44–45.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]