Jiří Holeček

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jiří Holeček (fødd 18. mars 1944) er ein tsjekkisk tidlegare ishockeyspelar frå Praha som vart verdsmeister 1972, 1976, 1977 med Tsjekkoslovakia. I tida 1966-78 var han elles med om å vinne fem VM-sølv, OL-sølv, OL-bronse og VM-bronse.

Holeček var målvakt på Tsjekkoslovakia sitt landslag frå 1966 til -78, ein periode der han sikra seg elleve VM-/OL-medaljar. Høgdepunktet var då laget gjekk til topps i Ishockey-VM 1972 i heimbyen hans. Sidan var han sterkt delaktig då Tsjekkoslovakia sigra i verdsmeisterskapen 1976. Han fekk målvaktsplassen på "All Star Team" i fem ulike verdsmeisterskap.

Holeček spelte på Košice frå 1963 til -73. Sidan var han aktiv i Sparta Praha til 1978, då han flytta til Vest-Tyskland. Der var han 70 München-seplar i to sesongar og ein sesong i Essen-West.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]