Jibbing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jibbing er namnet på ei form for frikøyring på ski i alpint.

Jibbing[endre | endre wikiteksten]

Frikøyring på ski, også kalla ”Jibbing”, er ein populær form for alpint. Ordet «jibbing» betyr å stå på ski på noko som ikkje er snø, til dømes boksar, rails og liknande. Jibbing er ein sport som involverer avanserte tiks og utføres ofte på ulike naturlege eller menneskeskapte element. Døme på element kan vere eit gelender, eit hopp, ein kasse, eller ei tønne. Populariteten til sporten har auka enormt sidan byrjinga av det 21. hundreår og har røter i fristil skikøyring, alpint og snøbrett, men er i dag akseptert som ein eigen sport.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fristildisiplinen oppstod på 1930-talet då norske skiutøvarar byrja å utføre akrobatikk under alpin- og langrennstreninga. Seinare byrja dei store skisentera i USA å reklamere med oppvisningar i det som seinare skulle vart kalla fristil. Rundt 1950 vart fristil vidareutvikla av den olympiske gullmedaljevinnaren Stein Eriksen.

Organisert fristil starta i kulekøyringsbakken, ei humpete terrengløype med hopp kor utøvarane kunne utføre ulike triks og akrobatiske øvingar i lufta. I 1971 vart det arrangert ein liten kulekøyringskonkurranse i Aspen. Etter kvart som sporten utvikla seg, kom dei mest kjente kulekøyringsutøvarane som John Clendenin, Scott Brooksbank, Bill O’Leary og ”Airborne” Eddie Ferguson på banen og fremja sporten slik at det for fyrste gong i 1973 vart arrangert amerikansk meisterskap i fristil i Sun Valley i Idaho. Denne meisterskapen vart vunne av John Clendenin.

Innan 1975 hadde det oppstått to rivaliserande fristilorganisasjonar, Professional Freestyle Associates (PFA) som vart leia av Curtis Oberhansly, og International Freestyle Association (IFSA) som vart leia av Bernie Weichsel. Gjennom konkurransar arrangert av PFA og IFSA konkurrerte verdens beste fristilutøvarar om pengepremiar i tre disiplinar – kulekøyring, luftakrobatikk og skiballett. Konkurransane fann stad i USA, Canada og Europa.

Det internasjonale skiforbundet (ISF) anerkjende fristil som ein eigen sport i 1979 og innførte reguleringar i forhold til sertifisering av utøvarar og hoppteknikkar for å redusere dei farlege elementa ved konkurransen. Den fyrste verdscupen i fristil vart arrangert i 1980 og det fyrste verdsmeisterskapen vart gjennomført i 1986 i Tignes i Frankrike. Fristil vart teke inn som prøvegrein under vinter-OL i Calgary 1988. Kulekøyring vart offisielt teke med i vinterlekene i Albertville i 1992 og luftakrobatikk på ski vart offisielt ei OL-grein under dei olympiske leikane på Lillehammer i 1994.

På 90-talet byrja fristilutøvarar, som såg seg leie på restriksjonane det internasjonale skiforbundet hadde sett på sporten, å praktisere triksa sine i terrengparkar meint for brettkøyrarar. ”Newschool”-skikøyrarar som dei vart kalla, var merksame på utviklinga innan snøbrettmiljøa og byrja lage si eiga stil.

FIS fristilkonkurransar vart styrte av strenge reglar som var veldig upopulære i eit stadig aukande skimiljø, noko som også la ein dempar på utviklinga av sporten. Reglane innebar blant anna ulovleggjering av alle typar saltoar i kulekøyringskonkurransar, avgrensing på mengde rotasjonar tillatne i eit triks under luftakrobatikkonkurransar på ski i tillegg til mangel på slopestyle- og halfpipekonkurransar. ”Newschool”-rørsla var derfor eit brot med FIS for dei som var usamde med forbundet.

I nyare tid har mange skistader opna opp for terrengparkar kor både skikøyrarar og snøbrettkøyrarar kan utføre triks på element som er plassert rundt i parken. I mindre parkar finn ein som regel rails, fun box og hopp. I større parkar finst det som regel quarterpipes og halfpipes i tillegg. Den vanlegaste forma for ski som vert brukte i terrengparkar er twin-tip ski. Twin-tip ski kjem i alle storleikar og fasongar, og vart opphavleg lagde spesielt for denne typen skikøyring. Forskjellen mellom vanlege ski og twin-tip ski er at twin-tip ski er bua oppover i begge endar av skia slik at det er mogeleg å køyre både regular (framlengs) og switch (baklengs). Det er også vorte meir vanleg å plassere bindinga midt på skia slik at det er like langt til begge endar av skia, noko som blant anna gir mykje betre stabilitet i lufta når ein utfører rotasjonar eller saltoar.

Typar ski[endre | endre wikiteksten]

Jibbeski er delte inn i tre kategoriar: Pudderski, All-Mountain og Park. Pudderski er breie ski som ofte buar veldig mykje opp bak slik at det er mogleg å lande baklengs i store mengder laussnø. Den fyrste pudderskia som vart laga heite Volant Spatula, designa av skiguruen Shane McConkey. All-Mountain ski har som regel normal bredde og er like gode i preparerte løyper som i laussnø. Parkski er konstruert spesielt for jibbing og hopp. Dei har ofte eit meir symmetrisk design slik at det å køyre switch blir mykje enklare, i tillegg er kanten på skia forsterka slik at han toler påkjenninga frå railing.

Backcountry[endre | endre wikiteksten]

All skikøyring utanfor preparerte eller merka løyper blir klassifisert som backcountry eller off-piste-køyring. Den mest ekstreme forma for off-piste-køyring blir kalla freeriding og finn stad i stupbratte fjellsider. Off-piste-køyring er nok den farlegaste forma for skikøyring på grunn av høg fart, store drop med eventuelle skjulte kampesteinar under snøen, og snøskred. På grunn av faren for skader og eventuelt død ved off-piste-køyring, er denne forma for skikøyring forbode enkelte stader i verda. Off-piste-køyrarar består både av ”new-school”-utøvarar som liker å utføre triksa sine ut ifrå ulike terrengelement som til dømes store klippar, og ”oldschool”-utøvarar som likar å konkurrere i å komme seg ned fjell på raskast mogleg måte.

Park[endre | endre wikiteksten]

Parkkøyring er skikøyring på menneskelaga element som er sett opp av skistaden parken høyrer til. Rails og hopp brukast i slopestyle-løyper mens halfpipe brukast i halfpipe-konkurransar. Urban

Skikøyring i urbane område som inkluderer gelender, køyring på veggar, hopp frå trappar eller normale hus, omtalast som urban skikøyring eller jibbing. Denne forma for jibbing reknast som ei av dei mest teknisk krevjande formene sidan det involverer ei rekke element som ikkje er meint til å brukast til skikøyring. Ein annan faktor som gjer at jibbing i slikt miljø vert praktisert lite, er konflikten ein gjerne kjem opp i med dei lokale styresmaktene sidan enkelte meiner det er hærverk å skli ned eit gelender på eit par ski. Dei fleste jibbarar derimot ser på denne måten å køyre på ski på som ein kunstform fordi det involverer bruk av daglegdagse objekt på ein kreativ måte i tillegg til at ein byrjar å sjå omkringliggande område i eit nytt perspektiv.

Konkurransar[endre | endre wikiteksten]

I dag blir det halde fleire konkurransar innan jibbing. Nokre av dei mest kjende konkurransane er X-games og US Open i tillegg til Dew Tour-serien som kan klassifiserast som verdscupen innan jibbing. Sjølv om jibbing i dag er ein nokså utbreidd sport, har han enno ikkje vorte teken opp eller prøvd ut som ei OL-grein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]