Jim Corr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jim Corr

Fødd31. juli 1964 (59 år)
FødestadDundalk
FødenamnJames Steven Ignatius Corr
OpphavIrland
Aktiv1990–
Sjangerrock and roll, rock
Instrumentgitar, piano, vokal, Klaviatur
Tilknytte artistarThe Corrs
Verka somsongar-låtskrivar, gitarist, pianist, songar, songtekstforfattar
PrisarHonorary Member of the Order of the British Empire

James Steven Ignatius «Jim» Corr (fødd 31. juli 1964) er ein irsk musikar og låtskrivar. Saman med dei tre yngre systrene sine Andrea, Sharon og Caroline utgjer han folk-rockgruppa The Corrs. Han er også DJ.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jim Corr fekk gitarundervising i heimbyen Dundalk,[2] ein stor industriby i County Louth. Corr speler akustisk og elektrisk gitar såvel som piano, keyboard og trekkspel. Han driv også med koring. Corr har hatt ei aktiv rolle i produksjonen av alle The Corrs-albuma, og har samarbeidd med David Foster og Olle Romo om to separate album.

Alle Corr-syskena blei utnemnde til æresmedlemmer av Order of the British Empire (MBE) i 2005 for bidraga sine til musikk og veldedig arbeid som omfattar innsamling av pengar til inntekt for Freeman Hospital i Newcastle upon Tyne i England, der mor deira fekk behandling, for offer av bombeåtaket i Omagh i Nord-Irland, The Prince's Trust og andre føretak.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Corrs, Bono & Westlife Feeling the Summer Buzz...». ShowBiz Ireland. 26. april 2002. Henta 26. april 2002. «Jim Corr from the famed Irish band will hit the decks alongside one of Ireland's top DJ's Tony Fenton.» 
  2. «Biography - The Corrs». www.rockdetector.com. Arkivert frå originalen 22 December 2015. Henta 16. desember 2015. 
  3. "The Corrs - The Corrs Receive Mbe Honours" Contactmusic.com. Retrieved 29 May 2011.