Jim Crow-lovane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Originalt postkort med nedsettande karikatur av Jim Crow.

Jim Crow-lovane var ei rekkje lovar som gjaldt i fleire amerikanske delstatar mellom 1876 og 1965. Lovane innebar rasemessig segregering, gjennom å påby at dei offentlege områda kor svara og kvite kunne ferdast skulle haldast skilt. Detta gjaldt til dømes skular, sjukehus, offentleg transport, restaurantar og hotell. I realiteten innebar lovane, sjølv om dei gav uttrykk for at svarte og kvite var likeverdige, at svarte vart utsett for omfattande diskriminering.

Jim Crow-lovane vart avvikla gradvis etter 1954, då høgsteretten i USA erklærte ei rekkje raseskiljelovar grunnlovsstridige. Dei siste lovane vart oppheva i 1964 og 1965.

Opphavet til nemninga[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet har vore i bruk i lang tid i USA, og skriv seg frå 1829, då den kvite artisten Thomas Dartmouth framførte songen og karikatur-dansen «Jump Jim Crow», inspirert av ein antakeleg tilbakeståande svart mann frå Cincinnati ved same namn. «Jim Crow» vart deretter brukt nedsettande som kallenamn på svarte i USA, og etterkvart om raseskiljelovar, dei såkalla «Jim Crow-lovane».

Omgrepet er enno i bruk, ikkje minst blant svarte i USA. Til dømes brukte president Barack Obama omgrepet fleire stadar i boka si Audacity of Hope.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]