Jim Hines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jim Hines


Statsborgarskap USA
Fødd 10. september 1946
Dumas
Død

3. juni 2023 (76 år)
Hayward

Idrett friidrett, amerikansk fotball
Tok del i

Sommar-OL 1968

Jim Hines, fullt namn James Ray Hines (10. september 19463. juni 2023) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som i 1968 sette verdsrekord på 100 meter med 9,9 og 9,95 sekund og vart olympisk meister på distansen under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen.

Hines, som var fødd i Dumas i Arkansas og vaks opp i Oakland i California, tangerte i 1967 verdsrekorden på 100 meter, lydande 10,0. På 220 yards sette han same året personleg rekord med 20,2 sekund. Under den amerikanske meisterskapen (AAU) i Sacramento i juni 1968 vart Hines fyrstemann under 10 sekund på hundremeteren. I den fyrste semifinalen vann han på tida 9,9 sekund, ei tid som vart tangert av Charlie Greene i det andre semfinaleheatet. Finalen vart vunnen av Greene og Hines fekk sølv, begge to og fire andre løparar fekk den manuelle sluttida 10,0. Elektronisk tidtaking viste elles at i semfinalane sprang Hines på 10,02 og Greene 10,09 sekundar, medan Greenes vinnartid i finalen var 10,11, to hundredels sekund fortare enn Hines.

I oktober månad 1968 var det klart for olympiske sommarleikar i Mexico. Hines vann der den fyrste semifinalen og Greene den andre, begge fekk 10,0 i manuell tid. Finaleløpet 14. oktober vart vunne av Hines på offisielt 9,9 sekund, Lennox Miller frå Jamaica tok sølvet og Charlie Greene fekk bronsen, begge fekk 10,0 i sluttid. Elektronisk tidtaking viste 9,95 sekund og ny verdsrekord for Hines, ein verdsrekord som vart ståande i 15 år inntil landsmannen Calvin Smith fekk notert 9,93 sekund i 1983. Hines vann også olympisk gullmedalje i 4 x 100 meter stafett då han var ankermann på USA sitt lag som vann finalen, 0,1 sekund framom Cuba. Dei andre gullvinnarane var Charlie Greene, Mel Pender og Ronnie Ray Smith.

Hines mislukkast fullstendig då han etter Sommar-OL prøvde seg i amerikansk fotball.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]