Jim Horn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jim Horn
Fødd20. november 1940 (83 år)
FødestadLos Angeles i California
USA
FødenamnJames Ronald Horn
OpphavUSA
InstrumentSaksofon, fløyte, piccolo, obo, engelsk horn, klarinett, fagott, blokkfløyte
Tilknytte artistar
Verka somMusikar, saksofonist

James Ronald «Jim» Horn (fødd 20. november 1940) er ein USA-amerikansk saksofonist og fløytist som har arbeidd mykje som studiomusikar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Horn vart fødd i Los Angeles og etter å ha erstatta saksofonisten Steve Douglas i 1959, turnerte han med Duane Eddy i fem år, og spelte saksofon og fløyte på turné, og i platestudio.[1] I lag med Bobby Keys og Jim Price vart han den mest etterspurte hornblåsaren i 1970- og 1980-åra.

Horn spelte på soloalbuma til tre av medlemmane i the Beatles.

Jim Horn turnerte med John Denver av og på frå 1978 til 1993.

Horn spelte òg fløyte og saksofon på The Beach Boys-albumet Pet Sounds, og på The Rolling Stones-albumet Goats Head Soup.

Artistar Horn har samarbeidd med[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Children of the Universe (2012) self-released, CD Baby

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dillon, Charlotte. «Biography: Jim Horn». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 17. mai 2010.