Jim Leighton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jim Leighton
Jim Leighton i 2009
Personleg informasjon
Fullt namn James Leighton
Fødd 24. juli 1958 (65 år)
Fødestad Johnstone i Skottland
Høgd 187 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1977–1988 Aberdeen 300 (0)
1978 → Deveronovale (lån)
1988–1991 Manchester United 73 (0)
1991Arsenal (lån) 0 (0)
1991–1992Reading (lån) 8 (0)
1992–1993 Dundee 21 (0)
1993–1997 Hibernian 151 (0)
1997–2000 Aberdeen 82 (0)
Totalt 635 (0)
Landslag
1982–1998 Skottland 91 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Jim Leighton, eigenleg James Leighton, (fødd 24. juli 1958) er ein skotsk tidlegare fotballspelar frå Johnstone i Renfrewshire som vann cupvinnarcupen 1983 med Aberdeen FC og seinare var aktiv for mellom andre Manchester United. Han vakta Skottlands mål i 91 landskampar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Leighton hadde kontrakt med Aberdeen FC frå 1977 til -88 og på ny 1997-2000. I 1980-åra var han sisteskanse på klubben sitt storlag som åra 1982-86 vann fire skotske cuppokalar, to seriemeisterskap og i Göteborg i 1983 slo Real Madrid i finalen i cupvinnarcupen med 2-1 etter ekstraomgangar. Sommaren 1988 vart han overført til Manchester United der han var med å vinne FA-cupen 1990, men vart vraka til finaleomkampen og sidan vart sitjande på reservebenken. 1991-93 gjorde han teneste i fyrst Reading FC og så Dundee FC, utan å kunne ta plass som fyrstemålvakt i klubbane. Fyrst etter han gjekk over til Hibernian FC i 1993 lukkast han å få sikker plass mellom målstengene. Han avslutta med spel for Aberdeen i tida 1997-2000.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Leighton spelte 91 landskampar for Skottland i periodane 1982-90 og 1993-98. Han var landslaget si målvakt både under Fotball-VM 1986, 1990 og 1998.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1983 med Aberdeen FC
  • Skotsk cupmeister: 1982, 1983, 1984 og 1986 med Aberdeen FC
  • Skotsk ligameister: 1984 og 1985 med Aberdeen FC
  • FA-cupmeister: 1990 med Manchester United

Kjelder[endre | endre wikiteksten]