Jimmie Lee Sloas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jimmie Lee Sloas
Fødd12. mai 1970 (53 år)
FødestadAshland, Kentucky i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1982
Sjanger
Instrumentbassgitar, gitar
Tilknytte artistar
Verka somBassist

Jimmie Lee Sloas (fødd 12. mai 1970) er ein USA-amerikansk studiomusikar, produsent og låtskrivar, som hovudsakleg speler bassgitar.

Faren Dave Sloas var medlem av bluegrassgruppa The Sloas Brothers. I 1982 var Sloas med å skipe rockegruppa RPM. Bandet gav ut to album frå 1982 til 1984.[1][2]

Frå 1986 til 1990 var Sloas medlem av det moderne kristenmusikkbandet The Imperials. Han har elles spelt mykje som studiomusikar og vore produsent for andre artistar, hovudsakleg innan country eller moderne kristenmusikk med artistar som Garth Brooks, Carrie Underwood, Keith Urban, Carman, LeAnn Rimes, Kellie Pickler, Reba McEntire, PFR, Switchfoot og Jessica Simpson. I 1996 skipa han gruppa Dogs of Peace med den tidlegare Whiteheart-gitaristen Gordon Kennedy. Sloas har òg spelt med heavy metal-gruppa Megadeth på albumet deira The System Has Failed.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Uncredited, Review of RPM CD reissue, 2004; Rock Report. Henta 25. april 2016.
  2. Uncredited, Profile of RPM; robertwhitejohnson.com. Henta 25. april 2016.