Jimmy Griffin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jimmy Griffin
Fødd 10. august 1943
Død

11. januar 2005
Franklin

James Arthur Griffin (10. august 194311. januar 2005) var ein USA-amerikansk songar, gitarist og låtskrivar, mest kjend for arbeidet sitt i 1970-åra med rockebandet Bread. Han vann ein Oscarpris for beste song i 1970 som låtskrivar på songen «For All We Know».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Det første albumet hans, Summer Holiday, kom ut i 1963. I 1960-åra slo Griffin seg saman med låtskrivar Michael Z. Gordon om å skrive songar for artistar som Ed Ames, Gary Lewis, Bobby Vee, Brian Hyland, The Standells, Leslie Gore, Sandy Nelson og Cher.

Griffin møtte Robb Royer gjennom den framtidige kona si og dei danna eit langvarig låtskrivarlag. I 1968 slo dei to seg saman med David Gates for å danne bandet Bread.

I 1970 skreiv Griffin og Royer — under pseudonyma Arthur James og Robb Wilson — teksten til Fred Karlin sin musikk for «For All We Know», som vart nytta i filmen Lovers and Other Strangers. Han vann ein Oscarpris for beste song. Songen vart seinare spelt inn av The Carpenters. Sjølv om Griffin skreiv mange songar for Bread, var alle dei tretten singlane som gjekk inn på Billboard-lista skriven av Gates, ein situasjon som skapte friksjon mellom dei to.[1] Bread vart oppløyst i 1973 og Griffin gav ut soloalbumet Breakin' Up Is EasyPolydor Records i 1974. Albumet og singlane selde dårleg. Bread kom saman att og gav i 1977 ut det siste albumet sitt, Lost Without Your Love. Gates, Botts og Knechtel heldt fram å spele i lag på Gates sine soloalbum og turnerte først som 'David Gates & Bread', noko som førte til søksmål frå Griffin. Søksmålet vart først løyst i 1984.

I 1977 gav Griffin ut det tredje soloalbum sitt, James Griffin. Han slo seg samna med Terry Sylvester (tidlegare i The Hollies) på albumet Griffin & Sylvester i 1982 og var medlem av bandet Black Tie med Randy Meisner og Billy Swan, som gav ut When The Night Falls i 1986, produsert av T-Bone Burnett.

I 1991 danna Griffin bandet The Remingtons med Richard Mainegra og Rick Yancey. Dei gav ut fleire singlar og album, mellom anna singelen «A Long Time Ago» som nådde topp 10 på countrylista i USA i 1992.[2]

Utover 1990-åra spelte Griffin så i eit band kalla Toast, som i 1998 endra namn til Radio Dixie. I 2003 slo Griffin seg saman med Rick Yancey og Ronnie Guilbeau og skreiv GYG

Griffin døydde av kreft den 11. januar 2005 i heimen sin i Franklin i Tennessee. Han var 61 år og hadde gått gjennom behandling i lengre tid.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]