Jimmy Hall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jimmy Hall
Fødd26. april 1949
OpphavUSA

Jimmy Hall (fødd 26. april 1949) er ein USA-amerikansk songar, mest kjend som frontmann og munnspelspelaren i Southern rock-gruppa Wet Willie.

Hall var fødd i Birmingham i Alabama, og voks opp i Mobile i Alabama. Han var med å starte Wet Willie i 1970 og dei hadde suksess i 1970-åra. I 1980 fekk han ein hitt som soloartist med singelen «I'm Happy that Love Has Found You» (US #27). I mai 1982 nådde Hall 77. plassen med songen «Fool For Your Love». I 1985 song han solovokal på Jeff Beck-albumet Flash, og vart nominert til ein Grammy-pris for framføring. Hall har òg turnert med Hank Williams jr., der han har spelt saksofon og munnspel.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]