Hopp til innhald

Jimmy Iovine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jimmy Iovine

Fødd11. mars 1953 (72 år)
FødestadBrooklyn i New York i USA
FødenamnJames Iovine jr.
OpphavUSA
Aktiv1973 til i dag
PlateselskapInterscope Geffen A&M
Verka somEntreprenør, plateprodusent
PrisarRock and Roll Hall of Fame, California Hall of Fame, Grammy Award

James «Jimmy» Iovine jr. (fødd 11. mars 1953) er ein USA-amerikansk entreprenør, plateprodusent og filmprodusent. Han er mest kjend for å ha starta Interscope Records og vore styreleiar i Interscope Geffen A&M.[1] I 2006 danna Iovine Beats Electronics saman med Dr. Dre, eit selskap som produserer lydprodukt og driv ei strøymeteneste for musikk. Selskapet vart kjøpt av Apple for 3 mrd. US-dollar i mai 2014.[2]

Iovine var fødd i Brooklyn i New York som son av James Iovine sr., ein hamnearbeidar.[3] Som tenåring vart han introdusert for musikkproduksjon etter han møtte ein låtskrivar som fekk han ein jobb som vaskar i eit platestudio. Han byrja som profesjonell studioarbeidar kring 1972.[4] Sidan starten av karrieren har Iovine vore involvert i produksjonen av meir enn 250 album.[5][6][7]

Tidleg i 1970-åra vart Iovine lydteknikar, og arbeidde med blant andre John Lennon[8] og Bruce Springsteen. I 1973 var Iovine tilsett ved Record Plant i New York,[9] der han arbeidde med Springsteen på Born to Run og Meat Loaf sitt Bat Out of Hell. Han vart kjend då han produserte Patti Smith sitt Easter, med hitten «Because the Night». Han produserte òg Tom Petty and the HeartbreakersDamn the Torpedoes, U2Rattle & Hum, Bella Donna for Stevie Nicks, Making Movies for Dire Straits og Get Close for The Pretenders.

I 1990 starta Iovine Interscope Records, som vart Interscope Geffen A&M etter ei samanslåing i 1999.[10]

I 2002 produserte Iovine Eminem-filmen 8 Mile, som selde for meir enn 240 millionar dollar verda over og vann ein Oscarpris.[11]

I 2008 starta Iovine i lag med Dr. Dre Beats By Dre, eit firma som lagar hovudtelefonar.[12] På grunn av utforminga av hovudtelefonane og at dei vert selde i lag med smarttelefonar og andre lydsystem, kapra selskapet 40 % av marknaden til hovudtelefonindustrien.[13][14]

Utvald diskografi

[endre | endre wikiteksten]
ArtistAlbum
Bruce SpringsteenBorn to Run
Bruce SpringsteenThe River
Bruce SpringsteenDarkness on the Edge of Town
Dire StraitsMaking Movies
Gwen StefaniLove. Angel. Music. Baby
Golden EarringGrab It for a Second
Graham Parker and the RumourThe Up Escalator
John LennonMenlove Ave.
KansasThe Classic Album Collection: 1974–1983
Lady GagaBorn This Way: The Collection
Meat LoafBat Out of Hell
Patti SmithEaster
PretendersGet Close
Stevie NicksBella Donna
Tom PettyDamn the Torpedoes
U2Under a Blood Red Sky
U2Rattle and Hum

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Filmar
DatoTittelRolleFormat
2013NinaprodusentFilm
2011Lady Gaga Presents: The Monster Ball Tour at Madison Square GardenprodusentTV-dokumentar
2011American IdolMentor (Season 10 – Present)TV-serie
2009Archie's Final ProjectprodusentFilm
2008More Than a GameprodusentFilm
2008Ringo Starr: Off the RecordprodusentTV-dokumentar
2006Off the Record: Bono and The EdgeprodusentTV-dokumentar
2008Pussy Cat Dolls Present: GirliciousprodusentTV-serie (6 episodar)
2007CaneprodusentTV-serie (12 episodar)
2006Rock Legends: Platina WeirdprodusentTV Movie
2005Get Rich or Die Tryin'produsentFilm
2003Interscope Records Presents The Next EpisodeprodusentTV-serie
2003Super Bowl XXXVII Halftime ShowprodusentTV Special
20028 MileprodusentFilm
2001Farmclub.comprodusentTV-serie
  1. Schillaci, Sophie (22. desember 2011). «Jimmy Iovine To Be Honored By Recording Academy». Hollywood Reporter.
  2. Moore, Heidi (May 28, 2014). «Apple buys Dr Dre's Beats for $3bn as company returns to music industry». theguardian.com.
  3. «Merchants of Cool». Frontline (PBS). 2001. Henta 19. oktober 2014.
  4. Salamone, Gina (May 22, 2012). «Brooklyn-born 'American Idol' Mentor Preps Contestants For Finale». New York Daily News. Henta 19. oktober 2014.
  5. Hillburn, Robert and, Phillips, Chuck (October 24, 1993). «They Sure Figured Something Out». Los Angeles Times. Henta 19. oktober 2014.
  6. Lamb, Bill. «Profile: Jimmy Iovine». About.com. Henta 19. oktober 2014.[daud lenkje]
  7. «Jimmy Iovine at All Music». All Music Guide. Henta 19. oktober 2014.
  8. Hochman, Steve (October 28, 2001). «Jimmy Iovine Is Hot On The Trail Of The Dead». Los Angeles Times. Henta 19. oktober 2014.
  9. «The Record Plant». The Record Plant. Arkivert frå originalen 17. august 2012. Henta 19. oktober 2014.
  10. «Corporate Profile: Interscope Geffen A&M». Profile Engine. Arkivert frå originalen 14. november 2017. Henta 19. oktober 2014.
  11. «8 Mile Box Office». Box Office Mojo. Henta 19. oktober 2014.
  12. «Rolling Stone». November 23, 2009. Arkivert frå originalen 22. oktober 2014. Henta 19. oktober 2014.
  13. Sanborn, Josh (16. januar 2013). «How Dr. Dre Mad $300 Headphones a Must-Have Essential». Time Magazine. Henta 19. oktober 2014.
  14. Fricke, David (April 12, 2012). «The Man With The Magic Ears». Rolling Stone. Henta 19. oktober 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]