Jimmy Preston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jimmy Preston
Fødd18. august 1913
FødestadChester
Døddesember 1984
DødsstadPhiladelphia
OpphavUSA
Sjangerrhythm and blues
Instrumentsaksofon
PlateselskapGotham Records
Verka sommusikar

Jimmy Preston (18. august 1913–desember 1984) var ein USA-amerikansk R&B-bandleiar, altsaksofonist, trommeslagar og songar som viktige bidrag til tidleg rock and roll.[1]

Den førte R&B-hitten til Presteon som nådde topp 10 på R&B-lista i USA, var «Hucklebuck Daddy» i 1949, spelt inn for Gotham Records i Philadelphia.[1] Han vart mest kjend som Jimmy Preston and His Prestonians då han spelte inn originalversjonen av «Rock the Joint» for Gotham i 1949. Saksofonsoloane i «Rock the Joint» vart spelte av tenorsaksofonisten Danny Turner (1920-1995). «Rock the Joint» vart spelt inn på ny av Jimmy Cavallo i 1951, og Bill Haley and the Saddlemen i 1952.

I 1950 byrja tenorsakfonisten Benny Golson og pianisten Billy Gaines i bandet og dei spelte inn songar som «Early Morning Blues» og «Hayride». Preston gjekk over til Derby Records og spelte inn den siste R&B-hitten sin med ein versjon av Louis Prima sin «Oh Babe». Han slutta i musikkindustrien i 1952, utan å forstå at han sidan skulle bli rekna som ein av fedrene for rock and roll.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bogdanov, Vladimir; Woodstra, Chris; Erlewine, Stephen Thomas (2003). All Music Guide to the Blues. Hal Leonard. s. 450.