Jimmy Zavala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jimmy Z
Fødd7. februar 1955 (69 år)
FødestadNorth Highlands
FødenamnJames Zavala
AliasJimmy Z
OpphavNorth Highlands i California
Aktiv1980-
SjangerRock, funk, blues
InstrumentFløyte, munnspel, saksofon (baryton, sopran, tenor)
Tilknytte artistarDr. Dre, Eazy-E, Rod Stewart, Tom Petty and the Heartbreakers, Eurythmics, Bone Thugs-N-Harmony, Etta James, Jaguares
PlateselskapIRS (1980s)
Ruthless (1991)
Boneyardsrecords (2003) (med ZTribe)
Zavala Songs, Inc. (2004) (med ZTribe)
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent

Jimmy 'Z' Zavala (fødd 7. februar 1955) er ein USA-amerikansk musikar. I tenåra spelte saksofonisten ofte på nattklubbar i heimbyen Sacramento i California, ofte med mørke solbriller. På denne tida vart han introdusert for munnharpe- og munnspelsmusikken til Little Walter og Taj Mahal.

Han flytta til Los Angeles i 1980, og då han jamma på Central Club på Sunset Strip, vart han lagt merke til av Rod Stewart-bandmedlemma Robin Le Mesurier og Jim Cregan, som seinare føreslo Zavala då Stewart trengde ein saksofoninst i bandet. Jimmy Z vart då medlem av bandet til Stewart.

I tillegg spelte Jimmy Z med John Cougar, Les Dudek, tidlegare Knack-gitarist, Doug Fieger, The Rockets og Ronnie Wood. Han spelte så med Eurythmics i fleire år. Munnspelet hans er å høyre på «Missionary Man».

Zavala spelte òg i lag med Tom Petty and the HeartbreakersLive Aid i Philadelphia i 1985, og på Southern Accents-turneen til Petty. Han vart raskt ein av dei mest ettersøkte studiomusikarane i Los Angeles.

Andre artistar Jimmy Z har spelt med er mellom andre Dr. Dre, Willy DeVille, Rick Springfield, Carole King, Eric Burdon, Rita Coolidge, Thomas Dolby, «Weird Al» Yankovic, Yes, Rick Price, Corey Hart og Shakespears Sister.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Anytime...Anyplace! (1988)
  • Muzical Madness (1991)
  • Caught Inside (2003)
  • Corazón Y Alma de un Jaguar (The Heart and Soul of a Jaguar) (2004)
  • That's The Way I Roll (2014)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]