Jinchang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa av Jinchang (gul) i Gansu
Bybilete i Jinchang

Jinchang (kinesisk: 金昌市, pinyin: Jīnchāng) er eit byprefektur sentralt i provinsen Gansu i den vestlege delen av Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 8 896 km² og hadde 464 050 ibuarar i 2010. Jinchang er ein del av Hexi-korridoren.

Byprefekturet Jinchang omfattar distriktet (区 ) Jinchuan og fylket (县 xiàn) Yongchang.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Landbruk og råvarebaserte industriar er grunnleggjande for økonomien i Jinchang.

Byprefekturet vert kalla Kinas nikkelhovudstad og har rikeleg av andre mineralressursar som kvarts, jarn, mangan, kopar, kobolt, sink, gull, wolfram og kalkstein.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jinchang har samband med utomverda gjennom Lanzhou-Xinjiang-jarnbana og lufthamna Jinchang-Jinchuan, den siste opna i august 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jinchang

Kjelder[endre | endre wikiteksten]